Ung: Minde er usikker på kva type hund det er, men opplever tispa som ung.

Denne tispa har enno ikkje blitt gjenforeint med eigaren sin

— Ho stod og hutra utanfor huset vårt då me kom heim i går natt, seier Kristian Minde.

Familien Minde kom heim frå sydenferie klokka halv eitt i går natt. Då dei kom til heimen i Strønevegen 256, like ved den gamle Askeladden-fabrikken, fann dei denne hunden ståande og hutra utanfor huset.

— Ho var klissvåt i det valdsame regnet og stod og hutra like ved bilen vår då me kom ut. Me måtte få ho i hus og tørka ho opp litt, fortel Minde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter dette la dei ut bilete på Facebook i håp om at eigaren skulle melda seg. Det har ikkje skjedd.

— Det neste no er at me tek ein tur til brannvesenet. Dei har chipavlesarar, slik at me kan få opp namnet på eigaren. Elles kan me jo håpa at dei meldar seg om dei les saka i Os & Fusaposten, seier Minde.