Silja Døsen Moberg og Siw Bugge Gjerdevik Kolstad har stor kjærleik for mat. No vil dei vidareføra det til born og unge i Os.
Silja Døsen Moberg og Siw Bugge Gjerdevik Kolstad har stor kjærleik for mat. No vil dei vidareføra det til born og unge i Os.

Desse damene skal laga mat for og med born

Silja Døsen Moberg og Siw Bugge Gjerdevik Kolstad har mange gode idear. Måndag 19. februar blir ein av dei sett ut i live. Då arrangerer dei to kokkekurs for born mellom 10 og 15 år.

– Både Siw og eg er med i Bjørnefjorden Matkultur. Vi hadde eit møte i haust der vi gjekk gjennom hausten, og vi kom opp med mange ulike idear til kurs. Eg synest det er kjekt å læra om mat og gode råvarer og Siw brenn stort for matinteressa blant born, så det var ein naturleg stad å starta med alle kursideane, seier Silja Døsen Moberg i Osøyro Kolonial.

Ein frukt er ikkje nok

Det er plass til 16 born på kurset. Påmeldinga starta i går, og no i skrivande stund er det seks plassar igjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg driv med catering, og det er fleire kundar som har meldt på borna sine. Det er kjekt å sjå, seier Døsen Moberg.

Kurset har dei kalla Digg-etter-skulemat.

– Når born og unge kjem frå skulen, er dei gjerne galne etter å få i seg noko mat. Vi vil læra dei enkle, sunne og gode matrettar – som også er kjappe å laga, og dei vil få tips om at det går an å gjera førebuing til måltida dagen i førevegen, til dømes, seier Døsen Moberg.

– Når ungane kjem svoltne heim frå skulen, treng dei noko meir enn berre ein frukt. Dei treng mat med fiber, protein og feittsyrer. Frukten gjev litt energi der og då, men det varer ikkje lenge, seier Siw Bugge Gjerdevik Kolstad.

Møter ungdom utan erfaring med mat

Døsen Moberg seier at det er viktig at born får ta del i matlaginga heime.

– Sjølv så fekk eg lov til å utfalda meg på kjøkenet, og eg fekk mykje skryt av mor. Det er nok ein stor del av grunnen til lidenskapen eg har for mat i dag. Det er viktig at ungane får prøva seg, seier Døsen Moberg

Gjerdevik Kolstad underviser i mat og helse på Nore Neset ungdomsskule, og kan fortelja at ho møter mange ungdomar som ikkje har vore særleg flittige på kjøkenet.

– Eg møter ungdom som ikkje har teke i ein gulrot før, eller rørt i ein saus, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to vil sjå an nivået til borna på kurset, før dei veit kor mykje og kva dei skal laga. Dei har ein plan, og understrekar at det er viktig at borna opplever meistring. Dei vil uansett ikkje røpa alt på førehand.

– Vi kjem til å prøva oss fram. Vi skal laga smoothie med fiber, gode fettsyrer og digge, råe energikuler. Det kan eg seia.

Dei to kan også fortelja at neste kurs i regi av dei to, blir i mars/april, men då for vaksne.

– Det kjem meir frå oss. Først skal vi ha eit kurs for vaksne som går på grønt og fisk, og seinare kjøt og tilbehør til grillsesongen. Det som kjem seinare kan vi ta sidan, seier dei to og smiler.