Vaksine: Det er framleis fleire grupper som er tilrådde vaksine mot korona.

Desse er anbefalt å ta grunnvaksine eller oppfriskingsdose mot korona

Her er Folkehelseinstituttet sine tilrådingar no.

Folkehelseinstituttet anbefaler ikkje lenger grunnvaksinering mot koronasjukdom til personar 18-64 år utan underliggande risikofaktorar.

Personar i risikogrupper blir framleis anbefalt grunnvaksinering - og i tillegg ein ny oppfriskingsdose før vintersesongen 2023-2024.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desse er anbefalt å ta grunnvaksine eller oppfriskingsdose mot korona:

Personar som er 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar

Personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe

Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom

Barn 5-11 år med alvorleg grunnsjukdom, etter vurdering frå lege

Gravide i 2. og 3. trimester