Kven vert den neste rådmannen i Os? Dei to føregåande rådmannene var Lars Atle Skorpen og Knut Terje Rekve.
Kven vert den neste rådmannen i Os? Dei to føregåande rådmannene var Lars Atle Skorpen og Knut Terje Rekve.

Desse vil bli rådmann i Os

I dag vart lista over søkjarar til stillinga som den neste rådmannen i kommunen offentleggjort.

Sundag gjekk fristen ut for å søkja på stillinga som ny rådmann i Os. Tysdag vart lista offentleggjort:

Anders Lekven (60), Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ronny Angeltvedt (48), Bønes, Supply Chain Lead.

Mona Haugland Hellesnes, (48), Ulvik, tidlegare fylkesvaraordførar.

Christian Fotland, (49), Bergen, adm.dir.

Hroar Espeland, (55), Arnatveit, dagleg leiar

Utviklingsorientert

Rekrutteringsfirmaet Headvisor har hjelpt kommunen i prosessen. I stillingsannonsa kunne ein lesa følgjande:

"Vi søkjer ein utviklingsorientert toppleiar som evner å skapa gode relasjonar internt og eksternt. Du må ha relevant høgare utdanning, og helst kommunal leiarerfaring. God innsikt i kommunal forvaltning og leiarerfaring frå annan kompleks organisasjon kan vera eit alternativ. Os kommune sin sterke vekst gjev store moglegheiter, men og utfordringar som stiller krav til solid økonomistyring."

Siste arbeidsdag

Knut Terje Rekve har sin siste arbeidsdag 31. desember, og på nyåret vil det bli naudsynt å konstituera ein fungerande rådmann medan ein ventar på at den nye rådmannen kan tiltre.

- Ut frå måten organisasjonen vår er bygt opp, ligg det i korta at assisterande rådmann, Paul J. Manger, vil fungera i den perioden, seier Søviknes.