Terje Søviknes prøver diskret å snika seg unna Os & Fusaposten på veg til valvaka på Liens måndag kveld.
Terje Søviknes prøver diskret å snika seg unna Os & Fusaposten på veg til valvaka på Liens måndag kveld.

– Det betyr svært mykje for meg, dette her

– Eg er spent på øvste nivå. Etter 20 år som ordførar betyr det sjølsvagt svært mykje for meg kvar det ber hen dette her, seier Terje Søviknes på veg til valvake.

Det er ikkje ofte ein ser Terje Søviknes diskret prøva å snika seg forbi ein journalist. Måndag kveld var det nett det han gjorde, då han sikkert hadde hovudet fullt av tankar på veg til valvaka med partifellene på Liens.

– Du smiler, du har nok sett meg, kviskrar eg i det eg kjem opp på sida og får knipsa nokre bilete.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, eg hadde deg i sidesynet, ler Terje, før han tek seg tid til ein kort prat.

– Betyr svært mykje for meg

– Det er ein svært spennande kveld for meg sjølvsagt. Eg har site som ordførar her i 20 år. Det er klart det er spesielt, dette her, seier Søviknes.

– Er du stressa?

– Nei, forbausande roleg, men eg har aldri vore så spent på eit val nokon gong. Eg er spent på kva som skjer med Bjørnafjorden kommune, på kven som skal styra og korleis det blir. Eg bryr meg sjølvsagt veldig om dette her, seier han.

Han må vidare. NRK vil ha han bort i Liens-lokalet. Dei skal filma live derifrå.

Optimistisk

– Før du går, vågar du seia kva du håpar?

– Me gjekk til val på at det skulle gå like bra som i 2015. Med det meinte me at me sanka like mange stemmer i Os og Fusa som då. Det har eg framleis eit håp om at me klarar.

– Kva tal er det me då pratar om?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då snakkar me om 35 prosent. Det er eit høgt mål, men me kan ikkje la vera å tru og håpa på det, avslutar Terje før han hastar vidare til Liens.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no