Det ser dessverre ut til å bli paraply og regny-dagar på nyttårsaftan og første nyttårsdag.
Det ser dessverre ut til å bli paraply og regny-dagar på nyttårsaftan og første nyttårsdag.

Det blir ein regntung nyttårsfeiring i Os og Fusa

Tru det eller ei – i Os og Fusa er det venta store nedbørsmengder på nyttårsaftan og første nyttårsdag.

Skuffa, jo, ja, men overraska? Nei, det kan me ikkje seia at me er. Faktisk er det vel meir vanleg med regn og 8-9 gradar, enn det er med kalde blå og kvite vinterkledde gatar. Nyttårsfeiringa i Os og Fusa blir våt og regntun også i år (fram til kl 12.00) og neste år (timane etter kl 12).

– Det er dessverre slik at me får pålandsvind. 8-10 gradar, tungt skydekke og mykje nedbør. Frå klokka 18-24 reknar me med kring 16 millimeter med regn i omårdet kring Bergen. Etter midnatt blir det truleg litt mindre, men framleis fuktig, seier meteorolog på Florida i Bergen, Frode Hassel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Første nyttårsdag litt betre

Til alle som gler seg til fyrverkeriet på Osøyro, kastar Hassel litt skår i gleda.

– Det blir regn også då, kanskje litt mindre, med nordvestvind. Forhåpentlegvis blir det litt meir bygeprega regn, seier Hassel.

– Men skydekke vert truleg tungt?

– Ja, skal de ha skyfritt bør de ifølgje mine prognosar venta til onsdag. Då ser det ut til at det blir klarvêr, seier Os-busette Hassel.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no