Det er ifølgje reptil-entusiast Morten Rasmussen ikkje lenge før hoggormane i Os kjem ut av bola.
Det er ifølgje reptil-entusiast Morten Rasmussen ikkje lenge før hoggormane i Os kjem ut av bola.

Det er ikkje lenge før ormen ligg og solar seg i skogen

12. mars blei det observert orm i Sogn og Fjordane. Det er truleg den første ormen som er observert i år. Osing og reptilentusiast, Morten Rasmussen, seier at det ikkje er lenge til Os-ormen er ute og solar seg.

– Kan eg kalla deg reptilentusiast?

– Ja, det må bli anten det eller hobby-herpetolog, seier Rasmussen og ler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag var Rasmussen på den faste staden for å sjå etter orm.

– Då fann eg ikkje ingen, men det er ikkje mykje tele att i bakken. Det går nok ikkje mange dagar før hannane kjem ut frå bola, seier han og legg til:

– Det går nokre veker før hoene kjem. Hannane skal slåst litt og ha eit hamskifte først.

Morten Rasmussen er klar for å hjelpa om nokon får uønskte ormar i hagen. – Til og med eg forstår at det ikkje er kjekt å ha ein orm i hagen, seier han.
Morten Rasmussen er klar for å hjelpa om nokon får uønskte ormar i hagen. – Til og med eg forstår at det ikkje er kjekt å ha ein orm i hagen, seier han.

Kan treffa opp mot 20 hoggorm

NRK skreiv tidlegare denne veka omBritt Førde Ohnstad som observerte orm då ho var på tur med hunden sin på Noreide i Høyanger. I den saka seier Dag Dolmen, forskar og hoggormekspert ved NTNU, at dette er den første hoggorm-observasjonen i år som han veit om. Vidare fortel Dolmen at ein i fjellet kan treffa opp mot 20 hoggormar som har samla seg.

– Du finn dei ofte på stader der folk set seg ned for å nyta sola, seier han til NRK.

Han har også eit råd til dei som vil ut og nyta både sola og naturen denne våren.

– Sjå deg ekstra godt om før du set deg ned på ein stad der sola varmar. Det er alltid lurt å undersøkja litt i området for å sjå om du ser hoggorm, seier han til NRK.

– Ervikane er genialt for ormen

Hobby-herpetologen frå Os har i lang tid kartlagt kor det er orm i heimkommunen. I fjor gjekk han ut på Facebook og spurte osingane kor dei plar observera dyra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvar er det orm i Os?

– Det er ein del i skogen, seier Rasmussen og smiler.

– Det er orm der det ikkje er så mykje folk. Eller stader der folk er innimellom, ikkje heile tida og det gjerne ligg matrestar. Liafjellet er ein slik plass, og Ervikane spesielt. Det er ein genial stad for orm. Det er mykje folk der, men det er ikkje så mange som går inn i skogen, seier Rasmussen.

Vidare fortel han at det ikkje er så stor sjanse for å møta på orm om ein går åleine i skogen.

– Hoggorm ligg ikkje som han ofte blir portrettert – oppå ein stein i solsteiken. Det blir for varmt. Dei ligg ofte på død vegetasjon. Om ein går åleine, ser ein mest sannsynleg ikkje orm, men om til dømes eg går med nokon andre, som er i betre form enn meg og gjerne går litt framfor meg, då er det større sjanse for at eg ser orm. Grunnen til det er at han blir skremt opp, og er i rørsle.

Og når ormen då beveger på seg, er det som regel ikkje i retning menneske.

– Det er ikkje slik som nokon ser ut til å tru, at ormen jaktar på deg. Det er ikkje mange dyr som er så sky som orm. Det er større sjanse for å bli angripen av ein måse, seier Rasmussen og smiler.

Bør ha hunden i band

Skulle ein vera uheldig og bli biten, er sjansen stor for at det er eit tørrbit. Det krev så mykje av ormen å produsera gift, at han heller sparer det til eit bytte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kvifor ser det ut til at mange er redd orm, om han ifølgje deg ikkje er særleg farleg?

– Det er orm og brennmaneter som i i-landsnoreg er livsfarleg. Det er nok fordi det ikkje er så mykje anna som er skummelt i Noreg. Du har ulv også, som det er mange meiningar om. Men, om eit lite barn som er under 20 kilo blir biten av orm, så bør ein dra på legevakta. Har ein hatt reaksjonar på vepsestikk eller orm-bit tidlegare, er det berre til å halda seg roleg og koma seg til legevakta. Hoggorm er det einaste giftige dyret vi har i landet som kan vera farleg for oss. Veps er giftig og alle edderkoppar er giftige, men dei er ikkje farlege for oss i det heile.

Om ein går på tur med hunden i skogen, bør ein ha han i band, fortel Rasmussen.

– Eg er usikker på korleis reglane er for bandtvang no, men eg ville uansett ha hatt hunden i band. Det er mykje verre om hunden blir biten. Om hunden går laus er det ein heilt reell risiko for at han blir blitt i ansiktet. Då kan det få eit fatalt utfall, seier Rasmussen.

Orm i hagen? Ta kontakt

Sist, men ikkje minst, vil Rasmussen oppmoda dei som bur i bustadfelt, som har uønskte ormar i hagen, om å ta kontakt.

– Til og med eg forstår at det ikkje er kjekt å ha ein orm i hagen. Særleg ikkje om ein har barn eller dyr. Eg kan koma og flytta ormen om det er ønskjeleg, seier Rasmussen.

Ta kontakt med Os & Fusaposten i så tilfelle, så kan vi formidla kontakt vidare.