Orienterte: Avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, orienterte planutvalet om hendingane på E39, og kva ein har gjort for å koma til botns i kvifor det skjer.

– Det er svært sjeldan at vi går ut med denne typen bodskap

Ber alle om å vurdera om dei verkeleg må ut på vegen.

Publisert Sist oppdatert

I ei pressemelding skriv Statens vegvesen at det er svært store utfordringar på vegane på Vestlandet på grunn av mykje regn, skred og flaum.

– Situasjonen er uoversiktleg og utviklar seg svært raskt. Vi forventar at fleire vegar kan bli stengt av skred eller flaum på kort varsel, skriv dei pressemeldinga.

– Vi ber alle om å vurdere om dei verkeleg må ut på vegen. Situasjonen er uavklart i heile Vestland. Terrenget er vassmetta, det regnar framleis og flaumtoppen i vassdraga er ikkje nådd. Det er mykje overvatn på vegane. Det er fare for alle typar skred. Vi ber instendig alle om å vurdere om dei må ut på vegen i kveld og i natt, seier Svenn Finden i vegvesenet.

Politiet og Statens vegvesen oppmodar alle om å begrense trafikken på vegane til eit minimum. 

– Det er svært sjeldan at vi går ut med denne typen bodskap, men no finn vi det riktig, seier Finden.

Vegar som er eller blir stengt på grunn av skred blir ikkje bli opna igjen før torsdag.

Dei som må ut på vegen blir bedne om å orientera seg, berekna god tid og køyra etter forholda

– Trafikantar som må ut på vegane i dei aktuelle områda bør syta for å vera godt førebudd. Sjekk vêr– og føremeldingar, og hald deg oppdatert undervegs, oppmodar Finden.

Her finn du oppdatert informasjon:

Powered by Labrador CMS