Vil høyra frå fleire: Kommunen er i gang med kartleggingsarbeid om kva dei eldre i kommunen ønskjer. Ordførar Trine Lindborg håpar på så mange svar som mogleg. – Eg håpar at mange melder seg på.

— Det har kome ein del svar, men vi treng endå fleire innspel

Ordførar Trine Lindborg fortel at kommunen gjerne ønskjer å høyra frå dei som er 65 år og oppover — og pårørande — om kva som skal til for gjera livet endå betre for eldre i Bjørnafjorden.

— Mi oppmoding er å nytta høvet til å fortelja kva ein er oppteken av, og kva som er viktig. Kva ønskjer ein å halda på med framover, og kva bør kommunen fokusera på? Slike ting ønskjer vi svar på. Det ligg ein fin tekst ute på heimesida vår, som fortel om prosjektet, seier Lindborg.

Kva er viktig for deg når det gjeld å utvikla eit aldersvennleg samfunn, aktivitet og fellesskap, ernæring og matglede, helsehjelp og samanheng i dei kommunale tenestene?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er nemleg dei fem innsatsområda i Leve heile livet-reforma. Målet for reforma er at alle eldre skal få betre hjelp og støtta til å meistra livet, både du som bur heime og du som bur på institusjon, opplyser kommunen på heimesida si.

Vidare skriv kommunen at Leve heile livet handlar om å sikre ein god og trygg alderdom, samstundes som ein får den helsehjelpa ein treng når ein har behov for det.

– Reforma handlar også om å skapa eit samfunn kor eldre kan delta i fellesskapet, medverka og bruka sine ressursar. Det er ikkje berre ei eldrereform, men også ei samfunnsreform som myndigheitene ønskjer at kommunane skal ta inn i sine planverk.

— Det har kome ein del svar, men vi treng endå fleire innspel. Vi håpar at mange vil hiva seg på, seier Lindborg.