Tek på seg jobben: Kommunen hadde ikkje ressursar til å ta det. Då tok Kulí på seg ansvaret. Frå venstre - Ruben Heggernes, avdelingsleiar Aleksander Grener, Caroline Fimreite, Janne Leivestad Tvedten, Frida Folgerø og Anneli Kaland.

Det såg mørkt ut for juletradisjonane i sentrum. No har Kulí bestemt seg for å “redda jula”

Grunna kutt i kulturavdelinga, såg det ikkje ut til å bli verken peparkakeby eller juletreskog på Osøyro. Takk vera Kulí, held juletradisjonane fram også i år.

Kommunen har kutta i kulturavdelinga. Det skal vera årsaka til at det i år ikkje såg ut til å bli noko peparkakeby i sentrum eller juletreskog på Kyrkjeflaten.

— Vi fekk ein førespurnad frå sentrumsforeininga før helga. Eg tok ein samtale med min daglege leiar på ASVO. Vi har bestemt oss for å “redda jula”. Det må jo vera jul i sentrum, seier avdelingsleiar Aleksander Grener og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sentrumsforeininga har skaffa juletre til juletreskogen. Kulí skal organisera og setja saman skogen.

Brev til nissen: I juletreskogen på Kyrkjeflaten er det ein postkasse der born kan senda ønskeliste til sjølvaste julenissen.

Når det gjeld peparkakebyen, håpar Grener og resten av Kulí, at barnehagar, skular og privatpersonar ønskjer å koma med bidrag.

— Eg veit at det er mange som har kontakta kommunetorget om dette, og at mange ønskjer å halda på tradisjonen, seier Grener og held fram:

— Vi har mykje vindaugeplass her på Kulí. Storleiken på bidraga må vera maks 25 cm djupe, har vi funne ut. Det må gjerne vera 3D, og det er kjekt om vi får inn hjarte og stjerner som kan hengja frå taket også, og dorullnissar og slike ting.

Grener legg til at dei håpar at bidraga som kjem inn, blir sette godt saman.

— Bruk limpistol, helst.

Det er dei som jobbar på Kulí som kjem til å organisera arbeidet. Det blir tatt kontakt opp mot barnehagar og skular.

— Vi står for å dekorera her, og skaper julestemning. Det er berre til å ta kontakt med meg om nokon har spørsmål, seier Grener.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fleste bidraga bør koma inn i løpet av ei veke.

– Folk må berre koma med det så snart dei har bidraga klare, seier Grener.