Mykje trafikk: Opp Holtbrekka, ved Os Næringspark, skal det ha vore stor auke i trafikk som følgje av at Byvegen er stengd. Det er skilt på staden som seier at gjennomkøyring ikkje er tillate, opplyser politiet.

— Det skal ha oppstått ei hending mellom ein trafikant og ein som bur i området

Politiet får stadig meldingar om mykje trafikk i Kuvenbakken og Holtbrekka.

Som følgje av at Byvegen er stengd, skal trafikken ha auka i Kuvenbakken og Holtbrekka, opplyser politiet.

Politioverbetjent Atle Birkeland orienterte om dette i ein e-post både torsdag og fredag i førre veke. Onsdag skal det ha skjedd eit trafikkuhell i Holtbrekka.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det skal ha oppstått ei hending mellom ein trafikant og ein som bur i området. Folk må følgja skiltinga som seier at gjennomkøyring ikkje er lovleg. Vi håpar at dette går seg til og at folk følgjer omkøyringa via Moberg, utan at politiet må ha kontrollar på staden, skriv Birkeland.