Brann på BIR: Skal ha vore full fyr i ein konteinar
Brannvesenet rykte ut til BIR måndag ettermiddag.
I 14-tida måndag melde politiet om brannutvikling i ein konteinar i Industrivegen.
— Det skal vera full fyr i konteinaren, skreiv politiet på X.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vidare opplyste dei at det var snakk om eit avfallsdeponi og at årsaka til brannen var uviss.
Brannen oppstod på BIR i Kolskogen. Tilsette fortel at det er mistanke om at eit batteri som var kasta i metallavfallet, var årsaka.
Dette skal vera noko dei stadig åtvarar mot. Det skal ikkje vera mange år sidan sist ein brann oppstod på anlegget.
Dei tilsette, som ikkje ønsker å stå fram med namn, ønskjer å rosa brannvesenet, spesielt for responstida. Brannvesenet skal ha vore på plass på kring to minutt.