Susanne Røttingen besøkte sist veke Fusa Vidaregåande saman med mor si, Siv Røttingen. Dei to håpte besøket ville hjelpa henne å bestemma seg for om Fusa eller Årstad skal stå på førsteplass på ønskelista.
Susanne Røttingen besøkte sist veke Fusa Vidaregåande saman med mor si, Siv Røttingen. Dei to håpte besøket ville hjelpa henne å bestemma seg for om Fusa eller Årstad skal stå på førsteplass på ønskelista.

Det store valet

Susanne Røttingen (15) sin draum er å bli grafisk designar og jobba innan kreative felt. Ho går i 10. klasse og skal snart søkja seg inn på vidaregåande utdanning. Det gjeld berre å ta dei rette vala først.

- Eg er veldig glad i å teikna og måla, så eg veit eg vil gå dette faget. Eg har berre ikkje bestemt meg for kva for skule eg skal velja.

"Dette faget" er utdanningsløpet som frå hausten 2016 har fått namnet «Studieførebuande med kunst, design og arkitektur».

Artikkelen held fram under annonsen.

- Du vart vel i grunn rådd til å velja det ut frå interessene dine, legg mor, Siv Røttingen, til.

Dilemma

Torsdag sist veke reiste dei to frå Øyane i Os til Fusa Vidaregåande, for å sjå om eit besøk på skulen kunne gjera valet lettare. Vi møtte dei to inne på avdelinga for formgjevingsfag og slo av ein prat.

- Det blir enten Fusa vidaregåande, eller Årstad.

Hanne Stranden Oma (t.v.) fekk skyss med venninna Sofie Ljones og mor hennar for å dra til Fusa på open kveld sist veke. Dei to venninnene frå Kvam vil gjerne gå på TAF helse i Fusa.
Hanne Stranden Oma (t.v.) fekk skyss med venninna Sofie Ljones og mor hennar for å dra til Fusa på open kveld sist veke. Dei to venninnene frå Kvam vil gjerne gå på TAF helse i Fusa.
Eirin Tufteland vil mest av alt bli skiskyttar. Ho kom saman med far, Olav Tufteland, til open kveld sist veke, på jakt etter ei utdanning som kan kombinerast med trening og konkurransar.
Eirin Tufteland vil mest av alt bli skiskyttar. Ho kom saman med far, Olav Tufteland, til open kveld sist veke, på jakt etter ei utdanning som kan kombinerast med trening og konkurransar.
Aslaug Berge (t.v.) og Thea Christine Helle trivst på Fusa vidaregåand, der mellom anna drinkmiksing er ein del av skuledagen deira.
Aslaug Berge (t.v.) og Thea Christine Helle trivst på Fusa vidaregåand, der mellom anna drinkmiksing er ein del av skuledagen deira.
Lena Lekven Ellefsen fekk målt blodsukkeret hos Solveig Birkeland Oma, og Katrine Havsgård Sævdal (t.h.). Ho og venninna Sara Louise Wiers (t.v). går berre i 9. klasse, men hadde likevel funne vegen til open kveld.
Lena Lekven Ellefsen fekk målt blodsukkeret hos Solveig Birkeland Oma, og Katrine Havsgård Sævdal (t.h.). Ho og venninna Sara Louise Wiers (t.v). går berre i 9. klasse, men hadde likevel funne vegen til open kveld.

Uansett må ho pendla frå Os, og reisetida ho kjem til å bruka blir om lag den same uansett kva ho vel.

- Eg kjem til å måtta stå opp og koma heim til om lag same tid.

Dilemmaet er at dei ikkje har tilbod om fransk i Fusa. Og at om ho vel skule i Bergen, så kan ho få skyss med mor si i blant.

- Det er lettare å få "haik" med nokon om ho går på skule i byen. Det blir ikkje like lett om ho skal over fjorden med ferja, seier mor Siv.

Fristar med langhelgar

Likevel har ikkje Bergen segla opp som noko soleklar favoritt. Fusa er framleis aktuell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein av lærarane ved skulen kjem bortom og tipsar om at dei ved skulen i Fusa har lagt opp til fleire fridagar enn det som er vanleg.

- Vi legg dei gjerne slik at ein får langhelg. Det kan jo vera verdt å merkja seg, fortel læraren.

Susanne nikkar, det høyrest ikkje så dumt ut det.

- Eg er sikker på at Fusa vidaregåande vil bli enten første- eller andrevalet mitt på søknaden, seier ho.

Så står det berre att å gjera eit endeleg val. Vi forlét henne og mora så dei får fred til å bli betre kjent med skulen og slik koma nærare ei avgjerd, og går vidare for å møta fleire unge håpefulle. Både dei som vurderer å gå på skulen, og dei som alt går her.

Til den opne kvelden sist torsdag hadde skulen invitert elevar ved ungdomsskulane i Fusa sine nabokommunar saman med foreldra deira. Og verkeleg mange unge håpefulle hadde funne vegen for å få meir informasjon og vurdera om dette kunne vera skulen for dei.

Inntrykka var tydeleg mange og tankane kring framtidsplanar svært varierande for dei ungdomsskuleelevane vi møtte.

Ja takk, begge delar

Oppe i andre etasje, ved TAF-utdanninga sine undervisingsrom har Sofie Ljones (15) og venninna hennar, Hanne Stranden Oma (15) tid til ein prat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to går i 10. klasse i Kvam og er reist til Fusa saman med Sofie si mor. No byrjar dei bli klare for å søkja seg inn på vidaregåande utdanning.

- Vi har lyst å gå på TAF. Eigentleg kunne vi tenkt oss TAF Barn og Ungdom, og få jobba i barnehage eller skule eller noko, men det har dei ikkje her, seier Hanne.

Sofie nikkar bekreftande.

Dei kjem nok likevel til å søkja seg inn på TAF Helse i Fusa får vi veta.

- Kvifor TAF?

- Fordi då får du ei skuleveke der du er i jobb også, ikkje berre skule.

Det er veldig bra. Og så er det greitt at ein får både studiekompetanse og fagbrev. Begge deler samtidig, seier Sofie.

- Er Fusa Vidaregåande den mest aktuelle skulen for dykk som kjem frå Kvam?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er den som har TAF.

Vil bli skiskyttar

Inne på avdelinga for mekaniske fag møter vi Eirin Tufteland (15) som går i 10. klasse i Nordheimsund. Saman med far sin Olav Tufteland har ho slått av ein prat med nokre av elevane og dei tilsette ved mekaniske fag.

- Kva drøymer du om å bli?

- Skiskytar! kjem det kontant frå Eirin.

- Men du må kanskje ha ei utdanning i tillegg?

- Ja, men eg har ikkje heilt funne ut kva eg vil. Det er så mykje å velja i.

- Kva med mekaniske fag?

- Kanskje? Eg er her for å høyra om alt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Har du blinka deg ut noko kurs eller skule du har meir lyst til enn andre?

- Neeeei. Ho dreg på det.

- Du har no eigentleg det, då. Skigymnaset på Voss har du jo ofte nemnt, skyt far hennar inn.

- Jaaa, men eg kan kanskje enda opp her også, seier Eirin.

Ho har nett prata med ein av elevane på første året ved skulen som også driv med skiskyting og som har fått til ei løysing som gir han seks timars treningstid i skueltida, kan ho fortelja.

- Han seier han får velja mykje sjølv korleis timeplanen hans skal sjå ut, og at skulen tilpassar i forhold til behov.

- Det blir jo nokre konkurransar og sånt, legg far til.

Det er tydeleg at Eirin er litt frista.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Om du vel Fusa vidaregåande, kva fag trur du det blir då?

- Tja, kanskje marin naturbruk? Det høyrest interessant ut. TAF blir det i alle fall ikkje. Det blir alt for vanskeleg å kombinera med skiskytinga.

- Ein skal tross alt ha eit liv også, seier far.

- Trivst veldig godt

I baren på mat- og restaurantfag står Thea Christine Helle saman med Aslaug Berge og miksar drinkar.

- Er det dette de lærer på skulen?

- Ja!

- Kan de sjonglera flasker også?

- Nei, det lærer vi ikkje. Då må ein gå eige kurs. Vi skal jo ikkje bli bartendarar, vi skal berre læra å servera drinkar.

Dei to går første året på Mat- og restaurantfag, og kan fortelja at dei trivst veldig godt på skulen.

- Vi har det kjempekjekt! er dei einige om.

Når det gjeld kva dei skal bli, er Thea førebels litt usikker, medan Aslaug er meir sikker i si sak.

- Ein dag skal eg bli restaurantsjef ein plass. Men det er endå lenge til.

Pendlar frå Os

På avdeling for helsefag sit Solveig Birkeland Oma og Katrine Havsgård Sævdal og tilbyr blodsukkermåling til dei som måtte ønska det. Dei to er andreårselevar på helsefagarbeidar ved skulen. Begge trivst veldig godt, kan dei fortelja. Solveig har peila seg inn på eit par moglege framtidsplanar.

- Eg vil enten bli sjukepleiar eller psykolog.

Kathrine veit ikkje enno. Men det hastar heldigvis ikkje. Ho er frå Os og pendlar til Fusa kvar dag.

- Det går for så vidt greitt å reisa frå Os, men eg kan bli litt trøytt i lengda. Eg må nemleg opp klokka fem for å ta ferja, seier ho og hevar augebryna litt.

Solveig er frå Hålandsdalen og bruker berre ein halvtime med buss.

- Det er absolutt veldig greitt å ha eit sånt skuletilbod som dette så nært heime, slår ho fast.

Lena Lekven Ellefsen (14) kjem bort og får målt blodsukkeret hos dei to jentene. Solveig snakkar til henne som den reine profesjonelle sjukepleiaren.

- Du kjem berre til å kjenna eit liite stikk, det gjer ikkje vondt. Sånn. Å, så flott, du har heilt normalt blodsukker.

Det viser seg at dei to har felles kjente. "Pasient" Lena har ei søster som tar Helse- og oppvekstfag ved skulen.

- Så du er frå Søfteland, då? Åh, eg kjenner jo søstera di, så kjekt! Ho har gjerne anbefalt skulen vår då, seier Solveig.

- Ja, eg har veldig lyst å gå her. Er litt usikker på linje enno, men det var skikkelig kult her altså, seier ei begeistra Lena.

Ho går berre i 9. klasse og treng ikkje ta ei endeleg avgjerd heilt enno, men det er tydeleg at ho har bestemt seg for kva for skule det blir.

Med seg har ho veninna si Sara Louise Wiers (14) som også går i 9. og som også har eit søsken på skulen i Fusa.

- Eg har ein bror som går her.

I motsetnad til veninna har Sara Louise allereie bestemt seg for kva fag ho vil inn på.

- Eg vil gå mekaniske fag, men har ikkje bestemt meg for om det blir TAF.