Ikkje godt nok: Dette er ikkje kvalifisert sikring av last, opplyser vegvesenet.

Dette enda med bruksforbod

Statens vegvesen hadde primært fokus på sikring av last og køyretøy som mangla lys — men det var mykje å ta fatt i.

Onsdag gjennomførte vegvesenet kontroll ved kontrollflata på Hetleflåten.

Dei kontrollerte 43 lette køyretøy, og det var mykje å gripa fatt i. Det blei gitt ut eit bruksforbod i tilfellet ein ser i hovudbiletet i denne saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Lasten på taket var sikra med eit tynt tau. Det er viktig å bruka godkjent sikringsmateriell som er merka med kor mykje det toler, opplyser vegvesenet i ein e-post.

Det blei også gitt ut 12 skriftlege manglar der dei fleste gjekk på manglar ved lys. Eit køyretøy fekk mangel på frontrute grunna steinsprut-skade og sprekk.

Mangel: Eit køyretøy fekk mangel på frontrute grunna denne steinsprut-skaden.

Tre personar fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte, fire fekk gebyr for manglande medbringa vognkort og det blei gitt ut eitt gebyr for svarte nasjonalmerke på kjennemerke.

— I dagens kontroll hadde vi fokus på køyretøy med hengjar, sikring av last og køyretøy med manglande lys. Dei fleste som blei stoppa med hengjar hadde alt i orden både med lastesikring, lys og det å ha med seg vognkort. Det blei gitt ut eitt bruksforbod på manglande lys på ein hengjar. Ingen av lysa verka, så føraren måtte kopla av hengjaren for så å kjøpa seg eitt sett med nye lys, då det ikkje var mogeleg å få orden på dei som var på hengjaren. Då dette var gjort, kunne hengjaren koplast på og ferda halda fram, opplyser vegvesenet.