Knut Ivar Børgesen ser svært mørkt på uttalane under pressekonferansen om Hordfast tysdag. (Arkivfoto)
Knut Ivar Børgesen ser svært mørkt på uttalane under pressekonferansen om Hordfast tysdag. (Arkivfoto)

- Dette er nærast ei katastrofe

Dei som håpa på å få indre trasé på bordet att etter uttalen frå fylkesutvalet i Hordaland førre veke, fekk håpet knust i dag. Ein av dei er Knut Ivar Børgesen.

Tysdag ettermiddag var det pressekonferanse med statsminister Erna Solberg, Helge André Njåstad (Frp), Knut Arild Hareide (KrF) og Terje Breivik (V) på Arna stasjon. På agendane stod delar av NTP, herunder Hordfast.

Då Os & Fusaposten snakka med Børgesen, som er tredjekandidat for Stortinget for Miljøpartiet Dei Grøne, tysdag ettermiddag, var han ikkje kjend med uttalane frå pressekonferansen, men:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg ser på NRK at kostnadsnivået på prosjektet er for høgt. Eg tenkjer at dette kan vera slutten for heile prosjektet, at det verken blir indre eller ytre trasé. Det er veldig synd, seier Børgesen.

Ferdig diskutert!

Helge André Njåstad (Frp) uttalte på pressekonferansen at "han registrerer at dei som utfordrar oss i valet til hausten framleis ønskjer å snakka om traséval. Denne diskusjonen er vi ferdige med for lengst".

- Kva tenkjer du om det Njåstad seier?

- Det er skremmande at dei durar fram som dette. Når ikkje ein gong fylket vil ha planen, så står dei likevel fast på det. Vi får håpa på regjeringsskifte til hausten, seier Børgesen.

Fryktelege nyhende

MDG-politikaren meiner at dette ser ut til å kunna bli ei katastrofe for Os-bygda.

- Eg antar at vegvesenet er på utkikk etter billegare ilandføringsmoglegheiter i Øyane. Det er fryktlege nyhende for Os-bygda. Nærast ei katastrofe.