Markering: I 2020 var Os mållag 100 år. Same året slo dei seg saman med Fusa mållag og vart Bjørnafjorden Mållag. – Korleis markerer ein slikt, midt i ein pandemi?

– Dette har vi gledd oss til å dela med dykk

Markerer 100-årsjubileum - på etterskot - med dikt-stunt i sentrum.

I 2020 var Os mållag 100 år. Same året slo dei seg saman med Fusa mållag og vart Bjørnafjorden Mållag.

– Korleis markerer ein slikt, midt i ein pandemi, spurte laget seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Facebook-sida si fortel dei at «tidlegare tankar om markering måtte endrast på, og tanken om noko "smittevenleg" og noko varig kom til oss».

– No er det klart, ei diktløype midt på Osøyro, skriv dei.

– Løft blikket, eller kanskje senk blikket, og du kan finna 16 plater med dikt, oppmodar laget, som håpar både innbyggjarar og tilreisande vil finna glede i utsmykkinga og at «dei vil henga der i minst 100 nye år».

Dikta er å sjå rundt om kring i Os sentrum, frå Giskavollen parkeringshus i nord til bubilparkeringa på Haugsneset i sør.

Dette er nokre av forfattarane som er med på prosjektet:

Bente Bratlund

Frode Grytten

Hans Sande

Artikkelen held fram under annonsen.

Jon Fosse

Arne Ruset

Marit Tusvik