Både dei store fartssyndarane og dei som så vidt overstiger fartsgrensa, må ut med meir i år enn i fjor om politiet oppdagar dei. (Arkivfoto)
Både dei store fartssyndarane og dei som så vidt overstiger fartsgrensa, må ut med meir i år enn i fjor om politiet oppdagar dei. (Arkivfoto)

Dette kan kosta deg 10.000 kroner

Fartsbot-satsane har vore uendra sidan 2005, men frå 1. januar blei det dyrare å vera for hard på pedalen. No kan du mellom anna risikera eit femsifra beløp i bot, om du blir tatt i 126 km/t i 90-sona.

Både dei store fartssyndarane og dei som så vidt overstiger fartsgrensa, må ut med meir i år enn i fjor om politiet oppdagar dei. Til dømes må du ut med 150 kroner meir for å køyra fem kilometer i timen over fartsgrensa i år. Brot på vikeplikta, feil bruk av lys, køyring med trimma moped, og Segway-bruk på veg med fartsgrense over 60 km/t blir også dyrare i år. (Sjå oversikt nedst i saka).

Fartssyndarar - eit stort problem i Os

Auken i bot-satsane seier lensmann i, Os Oddbjørn Dyrdal, at er eit nasjonalt resultat av at ein ser at det er naudsynt å straffa hardare. Ikkje for at folk skal ha mindre å rutta med, men fordi at det er eit stort problem, og resultatet av å køyra for fort kan få fatale konsekvensar. Han fortel også at det i Os er fleire fartsoverskridingar enn mange andre stader.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det å auka bot-satsane er førebyggjande arbeid. Det skal verka avskrekkande, og forhindra at folk køyrer for fort. Tala for Os viser at det er viktig at vi er ute i feltet. Vi har også klare indikasjonar og dokumentasjon på at det er rett av oss å ha stort fokus på dette. Vi ligg sjeldan i buskane og lurer. Vi vil vera synlege nettopp fordi at vi skal førebyggja. Likevel får vi mange "treff". I Os har vi ein høgare rate i forhold til andre stader, seier Dyrdal.

Oversikt over dei nye satsane (Det første beløpet indikerer før nyttår - det andre viser den nye satsen):

5 km/t for fort: 600 kroner - 750 kroner.

10 km/t for fort: 1.600 kroner - 2.050 kroner.

Lensmann i Os, Oddbjørn Dyrdal. (Arkivfoto)
Lensmann i Os, Oddbjørn Dyrdal. (Arkivfoto)

Når fartsgrensa er under 60 km/t:

15 km/t for fort: 2.900 kroner - 3.700 kroner.

20 km/t for fort: 4.200 kroner - 5.350 kroner.

25 km/t for fort: 6.500 kroner - 8.300 kroner.

Når fartsgrensa er over 70 km/t:

15 km/t for fort: 2.600 kroner - 3.300 kroner.

20 km/t for fort: 3.600 kroner - 4.600 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

25 km/t for fort: 4.900 kroner - 6.250 kroner.

30 km/t for fort: 6.500 kroner - 8.300 kroner.

35 km/t for fort: 7.800 kroner - 9.950 kroner.

Andre nye satsar:

36-40 km/t for fort når fartsgrensa er over 90 km/t: 9.000 kroner - 10.400 kroner.

Køyring på raudt lys eller med for kort avstand til bilen framfor: 5.200 kroner - 6.650 kroner.

Køyring mot einvegskøyrd, i gågate, i feil køyreretning, osv.: 4.200 kroner - 5.350 kroner.

Køyring på fortau, bak sperreline eller i feil felt før sving: 3.200 kroner - 4.100 kroner.

Ulovleg forbikøyring (til høgre, framfor gangfelt, osv.): 5.200 kroner - 6.650 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brot på vikeplikta: 5.200 kroner - 6.650 kroner.

Feil bruk av lys, køyring utan tilstrekkeleg utsyn, osv.: 2.000 kroner - 2.250 kroner.

Køyring med "trimma" moped: 4.200 kroner - 5.350 kroner.

Sykla utan lys, på raudt lys eller på motorveg, osv.: 909 kroner - 1.150 kroner.

Køyring med usikra passasjerar under 15 år: 2.000 kroner - 2.250 kroner.

Segway-køyring på veg med fartsgrense over 60 km/t: 2.000 kroner - 2.150 kroner.