Ein hytteeigar i Fusa meiner at dette krysset er farleg.
Ein hytteeigar i Fusa meiner at dette krysset er farleg.

– Dette krysset er ei skjult dødsfelle

Det meiner ein hytteeigar i Fusa.

Kort tid etter å ha vore ute for ei nestenulukka etter å ha svinga ut frå fylkesveg 125 Holsundvegen og inn på fylkesveg 48 Holmefjordvegen, tok ein hytteeigar kontakt med Os & Fusaposten.

– Om ein kjem ut i det krysset og kolliderer med bilar som kjem i 80 km/t eller høgare fart, så kjem ein ikkje frå det med livet i behald, meiner han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fartsgrensa på Holmefjordvegen ved dette krysset er 80 km/t. Tipsar meiner at det er eit vanskeleg kryss. Særleg for dei som ikkje er lokalkjende. Han meiner at det er vanskeleg å sjå kor fort bilane køyrer, og ønskjer eit «sett ned farten-skilt» eller eit tips som seier at det kjem eit farleg kryss. På staden er det skilt om vikeplikt.

– Om ein er litt umerksam, så blir ein køyrd rett ned, seier han.

Os & Fusaposten har vore i kontakt med vegvesenet, som seier at dei må koma attende til saka seinare grunna ferieavvikling.