Varmare: Denne veka steig temperaturane monaleg, før det no inn mot helga skal vera kaldare att.

Dette seier meteorologen om årets julevêr

Vert det kvit jul i år?

Meteorolog Haldis Berge lovar fint, stabilt julevêr i morgon og på julaftan, men om ein ønskjer kvit jul, må ein truleg på fjellet.

Denne veka steig temperaturane monaleg. Frå det kalde, stabile vintervêret som elles har prega desember, var me midtveges denne veka oppe i 8-9 gradar. No er det igjen lågare temperaturar, men det blir ikkje så kaldt som det har vore.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Både på vesle julaftan fredag og på julaftan, vert det kring null gradar. Heilt ute ved kysten vil det truleg koma nokre byger i morgon, men elles vert det stort sett opphald, fortel meteorolog Haldis Berge.

Lettskya og opphald

På julaftan melder ho om lettskya vêr og opphald.

– Det vil bli stabilt og fint vêr til litt ut på dagen. Då vil det koma søraustleg bris og skya noko meir til. Likevel blir det truleg ikkje særleg med nedbør. 1. juledag vil det vera meir skya. Då vil det enkelte plassar i Bjørnafjorden blåsa opp mot stiv kuling. Etter kvart vil det også koma noko nedbør i form av regn og sludd, alt etter kvar i kommunen ein er, fortel Berge.

Vidare utover i romjula melder ho om mildare temperaturar.

– Romjula vil vera prega av eit lågtrykk som kjem inn. Det vil då bli ein del nedbør, for det meste vil dette koma i form av regn, kanskje som snø i nokre av dei indre stroka i kommunen dykkar, avsluttar Berge.