— Dette var ei forståeleg endring under pandemien, men det er ikkje ei berekraftig utvikling
Undersøking tyder på fleire tidlegare kollektivreisande har byta til elbil.
Det kjem fram av ei pressemelding frå Skyss. Her vert det opplyst at talet påstigingar i kollektivtrafikken i Vestland vart litt høgare i 2021 enn i 2020, men trafikken var likevel sterkt påverka av covid-19-pandemien.
— Totalt var det 61,7 millionar påstigingar på buss, båt og bybane, mot 53,9 millionar i 2020. I 2019 var talet 82,5 millionar. Tala for 2021 var dermed 14 prosent høgare enn 2020, men framleis kring 25 prosent lågare enn “normalåret” 2019, opplyser Skyss.
Artikkelen held fram under annonsen.
12 prosent oppgang for Bybanen
I 2020 var det nærme 14 millionar påstigingar på Bybanen, framleis mykje lågare enn toppåret 2019, då det var 18,7 millionar, men ein auke frå 12,4 millionar i 2020. Bybanen utgjorde 27 prosent eller over ein fjerdedel av alle kollektivreisene i bergensområdet i 2021.
Statistikken over påstigingar syner ein gjennomsnittleg oppgang på 16 prosent for buss.
Totalt gjekk 85 prosent av kollektivreisene føre seg i bergensområdet.
— Uroa for byte frå buss til elbil
Tal frå Opplysningsrådet for vegtrafikken (OFV) syner at det vart registrert 25 prosent fleire bilar i Noreg i 2021 enn i 2020. Elbil utgjer 65 prosent av dei nye personbilane, som tyder at veksten i personbilsalet vert driven av elbil. Ruter har gjort undersøkingar som syner at i deira område har prosentdelen som ikkje har eigen bil gått ned det siste året, medan prosentdelen elbileigarar har auka. Dette kan tyde på at elbil tek reisande frå kollektivtrafikken.
— Dette var ei forståeleg endring under pandemien, då me vart rådd frå å reisa kollektivt. Men, det er ikkje ei berekraftig utvikling framover, og den må brytast. Elbil-insentiva er sterke i Noreg, og elektrifisering av bilparken er naudsynt for å nå klimamåla, men dersom det fører til meir biltrafikk, får vi problem, særleg i byområda. For mange bilar på vegane skapar kø for alle køyretøy, også dei som ikkje er utsleppsfrie, og det skapar problem for kollektivtrafikken. I tillegg er det lett å gløyma at det blir meir svevestøv frå asfalt og bildekk. Vi er uroa for at folk byter ut buss med elbil med godt samvit, seier fylkesordførar Jon Askeland i pressemeldinga.
— Dersom ein del av passasjernedgangen skuldast at reisande har kjøpt seg bil, vil det ta lang tid å vinna dei tilbake på buss og bybane. Modninga av elbilteknologien, norske elbil-insentiv og koronapandemien kan dermed visa seg å vera ein perfekt storm som har råka kollektivtrafikken og som vi kan koma til å slita med i år framover, seier Jon Askeland.
Ferjetrafikken normalisert
På fylkesvegferjene var det 5,1 millionar passasjerar. Her vart situasjonen nær normalisert i 2021. Ferjetrafikken vart aldri like sterkt råka av pandemien som kollektivtrafikken, og trafikktala for 2020 var berre 7 prosent under 2019-nivået. I 2021 var talet på både køyretøy og passasjerar på ferjene tilbake til same nivå som i 2019.