Kjempar for lokalradioen: – Alle som ved fleire høve har vore straumlause grunna uvêr og har vore gjennom lange periodar med stearinlys og vedfyring, hugsar tryggleiken det gav å ha lokalradioen påskrudd på FM-nettet 103.1, seier Harald Lekven.

Difor vil Bjørnafjorden Sp og Harald Lekven kjempa for RadiOs

Kommunedirektøren foreslår å kutta avtalen med RadiOs. Radioen har varsla at det kan bety kroken på døra.

— Bjørnafjorden Senterparti ønskjer sterkt at Bjørnafjorden kommune vidarefører beredskapsavtalen med RadiOs, seier Harald Lekven.

Lekven fortel at han har vore i dialog med Bjørnafjorden Sp, og dei er samde med han i denne saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Bjørnafjorden Sp vil fremja dette synet i budsjettforhandlingane med samarbeidspartia. Her er som kjend ikkje eg med, seier Lekven.

Kommunedirektøren har i samband med sitt budsjettforslag kome fram til at ein ikkje lenger har behov for RadiOs som beredskapsradio, og vil kutta avtalen som i sum utgjer 75.000 kroner i året.

— RadiOs går i inn i sitt 31. år, og er ein institusjon i bygdene kring Bjørnafjorden med fleire. Lokalradioen vart stifta og er drifta av frivillige radioentusiastar som gjennom åra har spreidd mykje glede og god, naudsynt informasjon for bygdefolket, seier Lekven, og legg til at alle som ved fleire høve har vore straumlause grunna uvêr og har vore gjennom lange periodar med stearinlys og vedfyring, hugsar tryggleiken det gav å ha lokalradioen påskrudd på FM-nettet 103.2.

Les også
Kuttforslag på fem millionar for stab og fellesområde: - Må tenkja nytt og kreativt

— Her vart vi heile tida oppdaterte på kva som skjedde i bygda. Kvar det var straumbrot og kva kommunen gjorde til ei kar tid. Kva telefonnummer ein kunne ringa og melda frå om det eine og det andre, og ikkje minst kor lenge dei ulike krinsane måtte bu seg på “å fyra” før lysbrytarane ville vera å rekna med.

Viktig kanal om ei krise råkar

Bjørnafjorden Sp og Lekven meiner at tryggleiken og rett, tilgjengeleg informasjon er særs viktig når ei krise råkar.

— Alle har minst éin radio og dei aller fleste nye DAB-applikasjonar har også FM-radio. Det er framleis ein del av innbyggjarane som ikkje har kjennskap eller høve til å leita fram naudsynt informasjon på ei datamaskin. Dette lyt kommunen ta omsyn til. Minste “felles multiplum” er framleis RadiOs på FM-bandet. I dag på 103.2 og 105.2, og via strøymeteneste på datamaskin og mobil. Ikkje mindre enn eit kinderegg som når alle. Alt vi treng er batteri til radioen, seier Lekven.