Programleiarar: Eirik Søfteland og Liv Grete Skjelbreid skal leia den digitale sendinga frå Oseana kunst- og kultursenter på nasjonaldagen.

Digital 17. mai-feiring: – Dei kunne ikkje ha funne betre representantar frå begge sider av fjorden

Den første 17. mai-feiringa som éin kommune, vert av det spesielle slaget. Liv Grete Skjelbreid og Eirik Søfteland synest det er stor stas å kunna bidra til å skriva historie.

Duoen skal leia den digitale sendinga frå terrassen på Oseana på nasjonaldagen.

– Det er ei rar tid, og ei trist tid. Samstundes er det ei historisk tid som vi kjem til å snakka om i lang tid framover. Ei tid som kjem til å verta hugsa både på godt og vondt, seier Søfteland.

Artikkelen held fram under annonsen.

1. januar vart Os og Fusa slegne saman til Bjørnafjorden. Men den første 17. mai-feiringa i den nye kommunen, vert slett ikkje slik dei fleste av oss hadde sett føre seg for berre nokre månadar sidan. Som følgje av koronapandemien er det det lagt ned forbod mot barnetog. Det vert heller ikkje nokon samling på Kyrkjeflaten i Os, og i krinsane må feiringa skalerast ned til eit minimum.

Då gjeld det å finna opp krutet på ny.

– Dei kunne ikkje ha funne betre representantar frå begge sider av fjorden, seier Søfteland og smiler.

– Liv er ei sprudlande dame med mykje energi.

Begeistringa går begge vegar.

– Det er veldig gøy å få ein slik førespurnad. Då eg fekk høyra at Eirik skulle vera med, våga eg å seia ja. Han er flink, og vi pratar godt saman. Det er utruleg viktig, seier Skjelbreid.

Kjem saman, men på avstand

Gjennom den digitale sendinga får bjørnafjordingane høve til å koma saman, men på avstand. Skjelbreid synest det er kjekt å få eit innblikk i korleis dei andre bygdene i kommunen feirar nasjonaldagen.

– Vanlegvis brukar eg morgonen på 17. mai til å vaska og polera bilen og stryka fire bunader. Deretter går turen til kyrkja på Holdhus, før vi et rømmegraut på skulen. Det er den eine dagen i året ein har høve til å treffa absolutt alle i bygda, seier hålandsdølen, som trur tida vi er inne i vil føra til at ein set meir pris på dagar som 17. mai, og mogelegheita ein har til å samlast.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Søfteland er det «business as usual» på 17. mai. Han er nemleg alltid på jobb. Så også i år.

– Eg plar stikka innom Osøyro i ein liten halvtime for å ta meg ein is, og sjå på folk. Eg har alltid syntest det såg så kjekt ut med sånn champagne-frukost, men eg må alltid setja meg i bilen og køyra på jobb. Kanskje eg skal ta meg tid til ein champagne-lunsj i år. Når sendinga er over, seier han.

Feiring i tråd med smittevernreglane

– Eg er utruleg glad for at vi har fått Liv, Eirik og Varde Film med oss på laget. Eg trur det vert ei knallsending, seier 17. mai-general Stine Kobbeltvedt.

Når sendinga frå Oseana-terrassen skal gå føre seg er førebels litt uvisst, men det vert etter alt å døma ein stad mellom 11.30 og 13.

Ein 17. mai utan korpsmusikk, er som ein julaftan utan pakkar. Sendinga inneheld difor både innslag med Os musikkforening og Os skulekorps. I tillegg vert det kransenedlegging på ulike stader i kommunen, tale ved ordførar Trine Lindborg og russepresidentane. 1. og 2. trinn på Os skule skal syngja, medan 7. trinn på same skule skal ha «ord for dagen». Det vert også innslag frå ulike krinsar i regi av lokalpressa. Sendinga kan du få med deg på Os & Fusaposten sine nettsider, osogfusa.no.

– Nokre krinsar har planlagt ting. På Holmefjord og i Øyane skal det til dømes vera båtkortesje, seier Kobbeltvedt, og oppmodar innbyggjarane om å følgja med på kva som eventuelt skjer i eigen krins.

– Men, vi må understreka at dersom det skal skje noko, må det vera i tråd med dei til ei kvar tid gjeldande smittevernreglane. Det same gjeld direktesendinga vår, påpeikar ho.

– Ta på bunad!

Klokka 13 skal heile landet syngja «Ja, vi elsker dette landet». På takterrassen på Oseana vert ei lita gruppe, eller kohort, frå Fonos forsongarar. Nasjonalsongen vert ei flott avslutning på sendinga, saman med lokale sjåarvideoar som dei som måtte ønskja har høve til å senda inn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alt er ikkje heilt spikra enno. Etter kvart som vi veit meir, kjem det meir info. Men 17. mai er slett ikkje avlyst. Ta på bunad, inviter til frukost, arranger leikar, så lenge det er innanfor reglane, er oppmodinga frå Kobbeltvedt.

Programleiarane stiller for øvrig i Os-bunad og Hardanger-bunad.