Ein mann er i Bergen tingrett dømt for valdtekt av to søstrer i ein bustad i Os i 2015. (Arkivfoto)
Ein mann er i Bergen tingrett dømt for valdtekt av to søstrer i ein bustad i Os i 2015. (Arkivfoto)

Dømt til sju år i fengsel for dobbel valdtekt

Då han vart konfrontert med valdtekta, truga mannen i 30-åra med å drepa heile familien.

Det starta med at den eine søstera traff mannen på datingtenesta Happn den 8. oktober 2015. Dei budde båe i Oslo og hadde fleire stemnemøte som også inkluderte sex.

Ei konflikt før turen

Før dei kom på besøk til Vestlandet hadde det oppstått ei konflikt mellom dei to på ein restaurant i Oslo. Ifølge tiltalte hadde det å gjera med kvinnas negative innstilling til at han hadde ein son frå eit tidlegare forhold. Kvelden vart avslutta med at tiltalte vart beden om å gå frå restauranten av ein tilsett. Ein som jobba der skildra tiltalte som ubehageleg og ustabil etter inntak av alkohol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fekk bu med dei to søstrene

Den tiltalte hadde likevel lyst til å treffa ho att og reiste helga 16. - 18. oktober til Os for å treffa henne. Han fekk då bu i lag med kvinna og søstera i husværet til sistnemnde. Tidleg på laurdagen tok dei til å drikka vin i husværet før ei bursdagsfeiring. Feiringa skulle finna stad i Bergen. På veg dit oppstod det ei ny konflikt mellom kvinna og tiltalte. Den tiltalte blei i retten skildra som svært variabel i humøret.

Nesten 2 i promille

Stemninga betra seg, og mannen deltok på bursdagsfeiringa som tok til klokka 21 om kvelden. Etterpå gjekk dei til ulike utestader der det vart mykje drikking. Ifølgje blodprøvar hadde mannen ein promille på 1,97 klokka 13 dagen derpå. Ifølgje eige utsegn var mannen rusa, men ikkje overstadig.

Det oppstod alt på den første utestaden episodar som førte til amper stemning og krangling. Dette gjentok seg på den neste utestaden, og også ute på gata. Eit forbipasserande par prøvde å stoppa krangelen utan hell. Søstera kom til og fekk roa det noko ned.

Hevda det var frivillig

Dei to søstrene og tiltalte tok ein felles pirattaxi tilbake til Os. Etter meir krangling, roa det seg, og "dei tre enda opp i sofaen i stova" heiter det frå retten. Dei gjekk til sengs rundt klokka 6. Etter dette skil vitnesbyrda gjeve frå tiltalte og dei fornærma seg. Den tiltalte hevda at søstera han ikkje var kjærast med tok initiativ til intim kontakt på sofaen etter at den andre søstera var gått til sengs. Ho hevdar på si side at søstera og mannen var gått til sengs saman, og at ho hadde sovna på sofaen. Deretter vakna ho av at han hadde trengt seg inn i henne bakfrå. Mannen hevda at det dreidde seg om frivillig sex.

Retten: Ingenting tyder på falsk forklaring

Kvinna si forklaring var i samsvar med åtferda hennar etterpå. Ho kontakta DIXI Ressurssenter for valdtekne, og søkte på internett om valdtekt. Ho hadde dessutan mensen den gjeldande natta, og retten fann det usannsynleg at ho skulle ha teke initiativ til sex. Ho braut saman i gråt då ho fortalde mora og ei veninne om kva som var skjedd. Journalnotatet frå legevakten underbyggjer at ho var utsett for ei valdtekt. Vidare mista ho nattesøvnen og konsentrasjonen i tida etter overgrepet. Ho vart inneslutta og fekk valdsalarm. Ho måtte avslutta studiane, og avslutta eit anna forhold ho hadde vore i.

Retten fann basert på dette ingen haldepunkt for at ho skulle ha gjeve falsk forklaring.

Valdtekt nummer to

Etter den første valdtekta, gjekk mannen inn til kjærasten. Ifølgje tiltalte hadde dei frivillig sex saman, medan kvinna hevdar ho vakna av å bli valdteken. Etterpå leste ho sms-meldingar frå søstera der det stod at ho var blitt valdteken av tiltalte. Ho sprang inn til søstera for å få avklara om det skjedde. Ho var i sjokk og klandra seg sjølv for å ha late tiltalte koma til Os.

Etterpå fekk ho mange av dei same reaksjonane som søstera. Ho vart sjukemeld frå jobben, og hadde mareritt om natta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Drapstrugsmålet

Då den eine søstera (ex-kjærasten til mannen) konfronterte mannen med valdtektene, reagerte han ifølgje henne med trugsmål. Han sa at "dersom han blei fengsla no, så var det berre å ta ein telefon så var heile familien drepen". Tiltalte nekta for dette. Han vedgjekk at han oppfordra dei til å ikkje tilkalla politiet, då dette berre ville gjera alt verre.

Ein politiførstebetjent forklarte at kvinna hadde fortalt om trugsmålet alt same dagen som det fann stad, og at han oppfatta henne som alvorleg redd.

Retten merka seg at mannens høge alkoholkonsum, inkonsistente forklaring og humørsvingingar alt talar i hans disfavør på dette punktet. Han har dessutan ved tidlegare høve også opptredd trugande.

Dommen

Mannen blei deretter dømt til sju års fengsel. Dette inkluderte ein episode der han var trugande mot ein leigetakar han hadde i Oslo. Vidare vart han dømt til å betala 150.000 kroner til kvar av dei to søstrene.