Spar AMFI Os gjev bort store mengder mat til Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa. Mette Lindborg og Peter Moesgård er godt nøgde med ordninga, som gjev eit mykje lågare matsvinn og bidreg til at dei som er dårleg stilt økonomisk kan få mat på bordet heilt gratis.
Spar AMFI Os gjev bort store mengder mat til Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa. Mette Lindborg og Peter Moesgård er godt nøgde med ordninga, som gjev eit mykje lågare matsvinn og bidreg til at dei som er dårleg stilt økonomisk kan få mat på bordet heilt gratis.

Donerer mat til velgjerd

I eit halvt år har Spar AMFI Os gitt vekk mat til organisasjonen Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa. Det kjem dei til å halda fram med i lang tid framover.

- Vi hadde tent meir på å selja varar til redusert pris ved stengetid, som eg ser at andre gjer, men vi vil heller gjere dette, seier Peter Moesgård, ferskvaresjef på Spar AMFI Os.

Gjev alt utanom varmeskap-mat

Opplegget som Moesgård sikter til, er Too good to go. Daglegvarebutikkar, bakeri, restaurantar og liknande kan melda seg inn i Too good to go, ogselja varer til sterkt redusert pris ved stengjetid, og dermed forhindra at mat går i bosset, og at dei med litt mindre å rutta med kan få råd til eit godt måltid. Spar AMFI Os har heller valt å samarbeida med Evy-Irene Søfteland, dama bak Hjelp til og Hjelpe Os og Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kvar dag kjem dei innom for å henta varer. Det er alt frå brød, chips og brus til frysevarer og kjøtt. Det einaste vi ikkje gjev bort, er mat frå varmeskapet, då vi ikkje har noko kontroll over kor lenge det blir liggjande før nokon et det, seier Moesgård og legg til:

- Det var ein del vanskelegstilte økonomisk, som i år ikkje fekk julekorger. Då tok Evy-Irene kontakt med oss. Vi gav bort kalkun, Coop Extra stilte med riskrem og nøtter, Meny gav bort poteter og grønsaker og Europris gav bort godteri. Eg meiner å hugsa at det var åtte familiar. Evy-Irene har i tillegg 15 familiar som ho hjelper til dagen.

Stum av beundring

Moesgård fortel at butikken nok har redusert matsvinnet med 95 prosent sidan dei starta med dette prosjektet i haust.

- Det er framleis litt svinn på frukt og grønt som rotnar. Det må vi kasta. Elles gjev vi bort alt, bort sett frå mat frå varmeskapet, som nemnd. Vi hadde kalkunfilet på tilbod, men enda opp med å ikkje få selt så mykje som vi hadde trudd. Då donerte vi 50 kilo kalkunfilet til organisasjonen. Det er ofte tilbodsvarer vi endar opp med å gje bort, då vi eller datamaskinen har bomma litt med bestillinga, seier Moesgård.

Grunnen til at dei har valt å støtta den lokale organisasjonen er enkel. Dei tilsette på Spar beundrar organisasjonen for jobben den gjer.

- Dei er fantastiske. Dei står på natt og dag, og hentar, bringar og styrer på. Det er heilt utruleg at dei vier så mykje tid til å hjelpa andre, seier Moesgård.

Ferskvaresjefen synest også det er kjekt å sjå at gjevargleda i Os er stor.

- Vi hadde korger ståande utanfor kassane i jula, der kundar kunne donera varer til organisasjonen. Der kom det inn mykje. Gjevargleda er nok litt større kring jul, men det er tydeleg at gjevargleda er stor i Os.