(
(

Døvstum dørseljar, eller?

Politiet i Fusa rykte ut etter melding om ein pågåande dørseljar, som hevda å vera døvstum.

Politiet opplyser om at dei fekk melding tysdag kveld, og rykte ut til adressa.

– Det var ein utlending som hevda å vera døvstum. Det var han ikkje. Han prøvde å selja noko. Han fekk beskjed om å koma seg bort frå Eikelandsosen. Vi fekk ikkje fleire meldingar om han, så vi reknar med at han etterkom pålegget, opplyser politiet.