Senterpartiet, her representert ved Svein Lang, meinte at Sp, som største parti i kommunen, burde hatt fleire leiarverv. Avrøystinga gjekk ikkje i partiet sin favør. I staden var det posisjonspartia, med ordførar Atle Kvåle (Ap) i spissen, som gang på gang trekte det lengste strået.
Senterpartiet, her representert ved Svein Lang, meinte at Sp, som største parti i kommunen, burde hatt fleire leiarverv. Avrøystinga gjekk ikkje i partiet sin favør. I staden var det posisjonspartia, med ordførar Atle Kvåle (Ap) i spissen, som gang på gang trekte det lengste strået.

Dragkamp frå start til slutt

Å einast om kven som skal ha dei ulike posisjonane i politikken, er langt frå lett. I Fusa gjekk ingenting som planlagt i kommunestyremøtet torsdag. Opposisjonen kalla prosessen udemokratisk. Posisjonen svara med at "politikk er politikk".

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Det byrja bra. Med kordamer, allsong, latter og klapp. Men etter at rådmann Berit Fløisand hadde presentert budsjettnotatet sitt, og sakene på saklista skulle gripast fatt i, byrja uroa raskt å spreia seg.

Det starta med at Svein Lang (Sp) gjekk på talarstolen og kalla dagen i dag for "ein merkedag i Fusa kommune sitt politiske liv".

Lang meinte opptakten til det politiske møtet, var av ein så spesiell karakter, at han kom til å skapa presedens i det politiske samarbeidet si ånd.

Det byrja bra. Koret Kor(t)pusten var invitert til møtet for å underhalda, og stemninga var god.
Det byrja bra. Koret Kor(t)pusten var invitert til møtet for å underhalda, og stemninga var god.

- Vanlegvis prøver ein posisjon å trekkja med seg opposisjonen på ein slik måte at ein signaliserer samarbeid, inkluderande prosessar og godt politisk handverk. I staden vel ordføraren i si leiing av valnemnda å skapa umiddelbar konfrontasjon, påpeika Lang.

Essensen i innlegget hans var at det ikkje finst rom for samarbeid i det heile i fleirtalspartia si innstilling.

- I innkallinga til møtet står det at valnemnda innstiller følgjande kandidatar. Valnemnda gjer ikkje det. Ap, Frp, KrF og V gjer det. Høgre og Senterpartiet sine kandidatar er, der det er mogleg, fjerna, sa Lang.

Kjønnsbalanse og tome ord

Gruppeleiaren til Senterpartiet påpeika òg at Ap har sett seg sjølv i leiarrolla i åtte utval, Frp i tre, Krf to og V eitt.

- Høgre og Senterpartiet er ikkje representert i leirroller i det heile. Sett i lys av valresultatet i september, der Sp vart det største partiet, er skeivfordelinga i beste fall spesiell, meinte han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lang fekk støtte frå partifelle Margunn Y. Samnøy, som sa ho vart svært skuffa då ho las tilrådinga frå valnemnda.

- Eg fattar ikkje at de trudde at Sp kom til å akseptera dette forslaget. Forslaget må karakteriserast som heilt udemokratisk, sa Samnøy og la til:

- Kva meinte ordføraren då han inviterte alle parti til samarbeid? Var det berre tome ord? Er det dette vi kan forventa oss i tida som kjem?

Eitt anna ankepunkt var kjønnsbalansen i dei ulike utvala. Ifølgje Lang vel Ap og Frp konsekvent å sjå bort frå intensjonane i kommunelova som omhandlar kjønnsbalanse.

- Stemmer det at posisjonen i eit møte hevda at det var opposisjonen sitt ansvar å syta for kvinner slik at kjønnskabalen gjekk opp? spurte Samnøy.

- Det er ingen tvil om at resultatet hadde vore meir balansert om posisjonen, og då spesielt Ap, hadde fremja forslag om eigne kvinnelege representantar, sa Aud-May Boge (H).

Samnøy lurte òg på kvifor Frp hadde to representantar (varaordførar og gruppeleiar) i valnemnda. Ho trudde det berre var gruppeleiaren som skulle delta.

Ingen spørsmål vart svara på med det same. Samnøy bad om høvetalsval i alle utvala. Dermed gjekk partia kvar til sitt, og vart borte vel og lenge...

Artikkelen held fram under annonsen.

Alle gode ting er tre

Då representantane kom attende, viste klokka alt éin time på "overtid". Ordførar Atle Kvåle (Ap) fortalde at han ikkje hadde klart å finna protokollen frå det konstituerande kommunestyremøtet på iPaden sin.

- Men då valnemnda hadde møte var det ingen som kommenterte samansetninga vi opererte med, sa han.

Kvåle peika òg på at i valnemnda sitt siste møte, så var det konsensus om å gjennomføra val i Utval for plan og miljø som høvetalsval, medan dei andre vala skulle gjennomførast som avtaleval.

- Vi kan sjølvsagt føreta høvetalsval i dei andre utvala også, men det var ikkje det valnemnda vart samde om, sa ordføraren.

Den første avrøystinga gjekk greitt. Utval for plan og miljø vil i den komande kommunestyreperioden sjå slik ut: Magne Djuvik (Frp, leiar), Gustav Folkestad (V, nestleiar), Turid Glesnes (Ap), William Lindborg (Ap), Agnete Digranes Årvik (Ap), Jan Birger Landøy (Sp), Marianne Borge (Sp), Lars Erik Dalland (H) og Rannveig Næss (H).

Då kommunestyrerepresentantane skulle velja klientutval derimot, gjekk det i ball.

- Det har skjedd ein feil. Vi har 10 mot 12 røyster, men vi er berre 21 representantar, sa Kvåle då han og resten av tellekorpset hadde talt seg fram til resultatet.

- Vi må gjera det på nytt, sa ordføraren og bad kommunestyrerepresentantane om å konsentrera seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konsentrasjonen var tydelegvis ikkje på topp i andre runde heller.

- Det er framleis feil, sa Kvåle etter å ha talt røystene på ny.

Dermed var det duka for endå ein runde med utdeling av lister, avrøysting og teljing. Heldigvis gjekk det betre på tredje forsøk. Klientutvalet får følgjande medlemer i denne kommunestyreperioden: Ingebjørg Naa Helle (Ap, leiar), Arne Holmefjord (Frp, nestleiar) og Svein Lang (Sp). Olaug Elise Mjelde (KrF) og Aud-May Boge (H) er varamedlemer.

Nedstemt igjen

Opposisjonen hadde eit innstendig ønske om at Peter Hans de Zwarte (Sp) skulle verta kommunestyret sin representant i ungdomsrådet, men vart nedstemt igjen.

- De Zwarte er den yngste av oss. Det er heilt naturleg at han får ein plass i ungdomsrådet, uavhengig av parti. Eg bed dykk difor om å tenkja dykk vel om, sa Mikal Leigland (Sp).

Leiglands bøn vart ikkje høyrt. Opposisjonen sin kandidat fekk ti røyster. Posisjonen sin - Helge Mjånes (Ap) - 11. Dermed vart Oddvar Gangstø (KrF) varamedlem, og ikkje De Zwarte, slik opposisjonen hadde rekna med. Samnøy protesterte.

- Tidlegare har posisjonen fått ungdomsrådsmedlemen, medan opposisjonen har fått varamedlemen, sa Sp-politikaren.

- Det er av di det er gjennomført avtaleval. Ved høvetalsval får vi eit anna utslag, sa ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trass fleire nederlag, var Lang nøgd med utfallet av torsdagens kommunestyremøte.

- Frå vår ståstad ser samansettinga av dei ulike utvala mykje meir differensiert ut. Spesielt planutvalet vart bra, med mange kompetente medlemer. Det betyr mykje for innbyggjarane i Fusa, seier Sp-politikaren.

Lang er spent på korleis klimaet i Fusa-politikken vert i tida som kjem.

- Det vert spennande å sjå korleis det går med budsjettet. Det er der den verkelege krigen kjem til å stå, seier han.

Bjarte Samnøy (KrF) meinte valnemnda hadde gjort ein for dårleg jobb i forkant av møtet.

- No er vi godt forarga på kvarandre. Men frå no av må vi snakka i lag før møta, og ikkje slengja drit til kvarandre i møta, sa KrF-politikaren.

- Det vil alltid vera forbetringspotensiale i alt politisk arbeid, så det tek vi med oss. Men hugs: Politikk er politikk, sa Kvåle då møtet vart avrunda klokka 22.13 - meir enn tre timar seinare enn planlagt.