Kunne ha vore kritisk: Den store utrykkinga søndag kunne og burde ha vore unngått, meiner politioverbetjent, Atle Birkeland.

Dramatisk melding førte til full utrykking: — Her burde eigar ha meldt frå

Det blei full utrykking søndag då det kom inn melding om at restar av ein båt var observert flytande inne i Rolvsvågen.

— Luftambulanse, kystvakta, politiet og så vidare. Heile bøtteballetten rykte ut, fortel politioverbetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Atle Birkeland.

Det var ei melding frå nokon som hadde observert drivgods frå ein båt i Rolvsvågen som førte til utrykkinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Etter kvart fann ein ut at det kom frå ein båt som låg fortøydd. Delar av han stakk opp frå sjøen. Politiet fekk kontakt med eigar som kunne avkrefta at nokon hadde vore i båten, seier Birkeland.

Eigar av båten skal ifølgje politiet ha vore klar over at båten var på veg ned.

— Han burde ha meldt frå til politiet om situasjonen for å unngå nett det som skjedde, at det blei sett i gang ein full redningsaksjon. Ressursane ein bruker på det er éin ting, men kva om det hadde skjedd noko alvorleg ein annan stad, og alle desse ressursane var opptekne med dette oppdraget? Det kunne ha vore heilt kritisk. Slike forhold som dette skal ein melda frå om. Det er også fare for forureining når ein båt går ned slik. Det blir nok tatt ei vurdering om det er noko her som eigar skal meldast for, seier Birkeland.