Under vatn: Bilen var heilt under vatn før brannvesenet fekk berga han opp.

Dramatisk søndag formiddag: Henta opp bil frå Os hamn

Den første meldinga politiet i Bjørnafjorden fekk, gjekk på at det var ein bil og to personar i vatnet.

— Det var dramatisk då vi fekk inn meldinga. Heldigvis hadde vi ikkje lang veg for å koma oss hit, fortel politibetjent Morten Haugland.

Ville redda bilen: Eigar skal sjølv ha forsøkt å redda bilen utan å lukkast.

Ved Oselvarnaustet skulle ein person sjøsetja ein båt. Det gjekk ikkje heilt etter planen. Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Om sjåføren var i bilen då bilen hamna på sjøen, veit vi førebels ikkje. Han er her no og følgjer med medan bilen blir henta opp. Bilen var heilt under vatn. Eigar skal ha forsøkt å redda bilen sjølv. Vi fekk raskt avklart at ikkje det var snakk om personskade. Det er viktig å følgja med, og tenkja gjennom alt ein skal tenkja gjennom når ein skal sjøsetja ein båt, konstaterte Haugland søndag.

Kort veg: Politiet hadde kort veg til ulukka. Politibetjent Morten Haugland fortel at dei har oppretta sak.