Endra forklaring: Den fornærma parten endra forklaring frå den omtalte natta til saka kom for retten.

Drosjesjåføren fekk sjokk då ein mann i baksetet skal ha starta å slå kjærasten sin

I bakspegelen skal sjåføren ha blitt vitne til valdsutøvinga, og blei dermed eit sentralt vitne i rettssaka.

Det skal ha vore ein dramatisk køyretur augustkvelden i fjor. Alt før paret sette seg i bilen, skal det ha vore valdsscener som fann stad.

Tiltalte skal ha gått ut av drosjen på ei adresse der kjærasten var på fest. Målet var å henta ho, men han skal ha vore så rusa at han måtte ha hjelp ut av bilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då han runda hushjørnet, skal han ha treft ekskjærasten til fornærma og ein annan kjenning. Det skal ha oppstått eit slagsmål, og då fornærma kom ut av huset, skal ho ha beskytta kjærasten sin ved å leggja seg over han slik at han ikkje skulle bli sparka.

I drosjen skal tiltalte ha retta skuldingar om utruskap mot fornærma og det skal ha utvikla seg til fleire slag med flat hand mot ansiktet, skulder og lår.

Tiltalte har hevda at det berre var skubbing og knuffing. Fornærma og drosjesjåføren skal ha forklart seg tilnærma likt rett i etterkant, men fornærma skal sidan ha endra forklaring. Drosjesjåføren forklarte i retten at han fekk panikk då situasjonen oppstod og at han ikkje visste kva han skulle gjera. Ho skal ha vore klar på at ho ikkje ønskjer at kjærasten skal straffast.

Det var usemje blant dommarane om det er bevist utover ein kvar tvil om mannen var skuldig etter tiltalen. To av dei meinte at han er skuldig. Den tredje kom til at det ikkje var tilstrekkeleg bevis for at tiltalte slo fornærma fleire gonger.

Mannen er tidlegare dømt for legemsfornærming mot ein annan person. Dette forholdet ligg mange år tilbake i tid.

Mannen blei i tingretten dømt for brot på straffelova § 271 til fengsel i 30 dagar, samt ein bot på kroner 15.000, subsidiært 30 dagar i fengsel jamfør straffelova § 54, heiter det i domsslutningen.

Fullbyrding av fengselsstraffa vert utsett med ei prøvetid på to år, jamfør § 34, heiter det vidare.