Strålande sol og god stemning under fjorårets Tour des Fjords. (Arkivfoto)
Strålande sol og god stemning under fjorårets Tour des Fjords. (Arkivfoto)

Drøymer om sykkelritt i Oseana

Ordførar og sykkelentusiast Terje Søviknes føreslår at Tour des Fjords Os-etappe startar i Oseanasalen.

Under torsdagens formannskapsmøte vart sykkelrittet Tour des Fjords tilgodesett med 100.000 kroner i kommunale midlar. Til tverrpolitisk jubel og akklamasjon.

Ordførar Terje Søviknes vil i tillegg reisa 200.000 kroner frå det lokale næringsliv.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Tre aktørar er heilt sikkert med. I tillegg er det fleire i tjømda.

Ordføraren vedgjekk at det å ta på seg å reisa 300.000 kroner er mykje pengar, men meinte samtidig at Os får meir igjen for pengane i år enn i fjor.

- Vi får startetappen med all den ekstra marknadsføringa det inneber. I tillegg vil løypa gå over Fanafjellet og attende til Os. Dermed får vi ein skikkeleg folkefest, sa han.

Kaggestad og Hamnesjefen

Vidare lanserte den høgttenkjande ordføraren eit relativt uortodoks forslag. Nemleg å starta heile sykkelrittet i Oseana-hallen.

- Det kunne ha vore spektakulært om ein starta inne i Oseana-salen og sykla ut portane der. Tenk dykk dei flotte TV-bileta derifrå, tenkte han høgt.

Rådmann Christian Fotland har alt fått ein førespurnad frå TV 2-kommentator Johan Kaggestad om ferdig manus med lokal turistinformasjon.

- Det kan nok kulturkontoret vårt bidra med, meinte han.

Søviknes repliserte då at han i fjor tipsa Kaggestad om svanen Hamnesjefen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- A-ha, der fekk eg klarheit i kvifor Kaggestad veit så mykje når han kommenterer på TV, small det frå Jon Sivert Rykkel (V).