Årsaka: Fleire kverna kjøttprodukt ser ut til å vere årsaka til eit større utbrot av E. coli-smitte.

E. coli-utbrot ikkje under kontroll. Mattilsynet svært bekymra over alvorleg sjuke barn

Mattilsynet er bekymra fordi fleire barn har vorte alvorleg sjuke av E. coli-smitte etter å ha ete kverna kjøttprodukt. Utbrotet er ikkje under kontroll.

Hamburgarar og andre kjøttprodukt har inneheldt bakteriar som er identiske med dei som har gjort folk sjuke, viser utbrotsetterforskinga gjort av Mattilsynet, Folkehelseinstituttet, Veterinærinstituttet og kommuneoverlegar.

– Det viktigaste du kan gjera for å unngå å bli sjuk, er å gjennomsteika hamburgarar og andre kjøttdeigprodukt, og å ha god kjøkkenhygiene, seier seniorrådgivar Catherine Signe Svindland i Mattilsynets seksjon for biologisk mattryggleik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er så langt påvist smitte hos 20 personar. Fleire enn halvparten av dei smitta er barn under 13 år, og sju av desse har utvikla alvorleg sjukdom.

– Dette er ein alvorleg situasjon, og mange små barn har vorte svært sjuke. Dette er det største EHEC-utbrotet vi har hatt i Noreg, seier seksjonsleiar Susanne Hyllestad i FHI.

Barn og gravide spesielt utsett

Det er E. coli-bakterien EHEC som har ført til sjukdom. Den smittar svært lett mellom folk, og ikkje alle har symptom på sjukdomen, ifølgje Mattilsynet. EHEC-bakteriar kan gi diaré som kan vera blodig. Dette kan vara i fire til ti dagar hos vaksne og noko lengre tid hos barn.

– Alt rått kjøtt inneheld bakteriar, og nokre av desse kan gjera deg sjuk. Utsette grupper som små barn, gravide og andre med nedsett immunforsvar, kan bli svært alvorleg sjuke, seier Svindland.

EHEC finst hos enkelte storfe og sau og kan koma over på kjøttet under slakting, frå hud, mage, tarm og avføring. Hamburgarar, kjøttdeig, karbonadedeig og andre farseprodukt kan ha slike bakteriar i seg.

– E. coli-bakteriane døyr ved sterk varme, men overlever frysing. Derfor må både ferske og frosne produkt bli gjennomsteikte. I tillegg er det viktig å hugsa å vaska hender og utstyr etter handtering av både ferskt og frose kjøtt, seier Hyllestad i FHI.

– Kverna kjøtt må gjennomsteikjast

Mattilsynet tilrår at hamburgarar, kjøttdeig, karbonadedeig og andre farseprodukt blir gjennomsteikte slik at dei skal vera trygge. Med gjennomsteikt meiner ein kjernetemperatur på minimum 70 grader.

Hamburgar er kverna kjøtt og er ikkje biff, understrekar Svindland. Forskjellen er at bakteriane berre er på overflata av kjøttstykka, derfor vil eit biffstykke vera trygt når overflata er godt steikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Når kjøttstykka blir kverna, blir bakteriane på overflata jamt fordelte i heile produktet. Dette gir bakteriane gode vekstvilkår og gjer at produkt av kverna kjøtt har kort haldbarheit. Slike produkt skal derfor gjennomsteikjast før servering, seier Svindland

Restaurantar har ansvar for at hamburgarane dei serverer, er trygge.

Mattilsynets og FHIs råd for å unngå smitte

* All farsemat (kjøttdeig, hamburgarar, kjøttkaker) skal vera godt gjennomsteikt eller gjennomkokt.

* Heile stykke av kjøtt (biff, steik, filet og liknande) bør vera godt steikt på overflata.

* Vask hendene godt dersom du har teke på kjøtt og kjøttprodukt, også dei frosne.

* Unngå upasteurisert mjølk og produkt laga av upasteurisert mjølk.

* Grønsaker som skal etast rå, bør skyljast godt og tørkast.

* Oppbevar maten ved kjøletemperatur (+4°C).

Artikkelen held fram under annonsen.

* Vask hender etter toalettbesøk, etter kontakt med dyr og før matlaging og måltid. EHEC smittar svært lett mellom menneske.

* Vask knivar, skjerefjøler og kjøkkenutstyr som har vorte forureina av rå og frosne råvarer, før utstyret blir brukt til annan mat.