Bilbrann: N/A

Opna igjen etter brann

— Det er alltid litt spesielt når det kjem melding om brann i ein tunnel.

Lyshorntunnelen er kl. 15.40 open i begge retningar etter eit branntilløp i ein bil litt etter klokka halv tre i ettermiddag.

Sørgåande tunnel vart opna igjen litt før klokka 15.

Artikkelen held fram under annonsen.

Naudetatane rykte ut på melding om røyk frå panseret på ein hybridbil omlag 6,8 kilometer inne i tunnelen i retning Bergen.

Bilførar, ein mann i 40-åra, køyrde inn på ei havarilomme og sløkte sjølv branntilløpet med eit brannsløkkingsapparat. Verken han eller passasjeren fekk røyk i seg.

Bjørnafjorden brann og redning rykte straks ut for å ta ein etterkontroll.

— Det er alltid litt spesielt når det kjem melding om brann i ein tunnel. Heldigvis gjekk alt bra denne gongen, seier innsatsleiar Arne Rødberg.

Bilbergar er no på staden, og politiet opplyser at det ikkje er nokon synleg røyk.