E39 vert stengd i tre netter

E39 mellom Tøsdalsskiftet og Moberg blir stengt tre netter på grunn av anleggsarbeid. Årsaka er ein vassleidning som skal krysse E39.

Det opplyser Statens vegvesen.

- Det har pågått bygging av ei 600 meter lang ny vassleidningsgrøft på strekninga sidan i mai. Arbeidet er inne i siste fase, og då må ein kryssa E39. Når dette pågår, kan det ikkje vera trafikk på vegen, og E39 blir dermed stengt for all trafikk tre netter i veke 34. Det blir stengt mellom kl. 22.00 til 06.00 frå onsdag kveld 24. august til laurdag morgon 27. august, opplyser kommunikasjonsrådgjevar Geir Brekke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fartshumpar har effekt

Grøfta er mellom tre til fem meter djup, og det har vore mykje sprengingsarbeid i byggeperioden. Det er nedsett fartsgrense forbi anleggsområdet, men det var likevel ein del trafikantar som heldt for høg fart på det eine køyrefeltet forbi byggeplassen.

Les også:Byggjer fartsdemparar på Halhjemsvegen

- Etter fleire politikontrollar, fartvisningstavle og seinare etablering av fleire fartshumpar, har trafikantane synt meir omsyn til anleggsarbeidet på veg forbi byggeplassen, konstaterer Brekke.