Silje Lygre (36) har jobba seg opp og fram i bransjen. Ho starta som butikkmedarbeidar. På vegen til senterleiarjobben, har ho vore distriktssansvarleg for 21 ARK-butikkar.
Silje Lygre (36) har jobba seg opp og fram i bransjen. Ho starta som butikkmedarbeidar. På vegen til senterleiarjobben, har ho vore distriktssansvarleg for 21 ARK-butikkar.

- Eg er glad i senteret

Ei vennine tipsa Silje Lygre om den ledige stillinga som senterleiar på AMFI Os: - Ho sa at det må jo vera ein perfekt jobb for meg, og eg er einig, smiler Lygre.

Det er berre tre veker sidan osingen tok over ansvaret for AMFI Os. Det er ingen tvil om at det finst tidspunkt på året kor det er enklare å ta over eit senter.

- Me held på med budsjettet for neste år, og så er me midt oppi alt som har med jul å gjera. I tillegg må eg læra meg korleis alt fungerer her. Det er nesten som eg burde skifta adresse til senteret. Det er lange dagar, smiler Lygre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men det bryr ho seg ikkje nemneverdig om.

- Det er heilt greit å ha det slik i startfasen. Eg vel det litt sjølv på eit vis, for eg likar å ha kontroll på ting. Då er det ikkje alltid like kjekt å reisa heim om eg ikkje er ferdig med gjeremåla for dagen. Men det er òg noko eg berre må akseptera av og til.

Tålmodig sambuar

For det hjelper ikkje alltid å vera god på planlegging. I løpet av arbeidsdagen hennar dukkar det stadig opp nye utfordringar. «Os og Fusaposten» klarte å snika til seg ein halvtime med senterleiaren i går. Samtalen på kontoret blei stadig avbroten av telefonen, og butikkmedarbeidarar som kom innom med spørsmål.

Med seg på laget har Lygre Bengt-Rune Rydheim og Anette Brunvatne. - Me er eit godt team, seier Lygre.
Med seg på laget har Lygre Bengt-Rune Rydheim og Anette Brunvatne. - Me er eit godt team, seier Lygre.

- Det gjeld å vera flink til å prioritera, seier Lygre og held fram:

- Men eg trivst godt med å ha ein slik kvardag. Ikkje ein dag er lik i denne jobben, noko eg finn både spanande og gøy. Også er eg heldig som har ein forståingsfull og tålmodig sambuar.

Frå butikkmedarbeidar til senterleiar

36-åringen, som er fødd og oppvaksen på Os, er ikkje ukjend med å ha stort ansvar. Utan utdanning i grunn, har ho jobba seg opp og fram i bransjen.

- Eg starta som butikkmedarbeidar då eg gjekk på skulen, før eg etter kvart blei butikksjef på Notabene på AMFI Os, seier Lygre.

Etter ti år som butikksjef, og etter kvart ansvarleg for opplæring for nye butikkar i kjeda, var ho klar for nye utfordringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Glad i senteret og menneska

Neste stoppestad i karrieren blei ARK Bokhandel der ho var distriktssjef for 21 butikkar frå Haugesund til Kristiansund. Då hadde ho kontor i Strandgaten i Bergen, men no er ho altså tilbake i heimkommunen.

- Det er godt å vera tilbake. Eg er glad i senteret og menneska som jobbar her. Det har alltid vore eit godt miljø her.

Sjølv om ho trivst i den hektiske kvardagen som er no, legg ho ikkje skjul på at ho gler seg til å få "landa" etter nyttår.

- Eg ser fram til eit nytt år, med nye moglegheiter, seier Lygre.

Attraktivt senter

Ho ser ikkje føre seg å revolusjonera senteret, men ho har sine tankar om vegen vidare.

- No har eg berre vore i sving i nokre veker, men me har hatt litt tid til å snakka om ting me vil endra litt på, seier Lygre.

Med "me" meiner ho sine medarbeidarar Anette Brunvatne, dekoratør/marknadskoordinator, og Bengt-Rune Rydheim som er vikarierande driftsleiar.

- Anne Kristine Tøsdal har gjort ein veldig god jobb med senteret. Me har ingen ledige butikklokale, og fleire kjeder er interesserte i å få koma inn i senteret. No lyt me finna vår måte å ta det vidare på, seier Lygre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Senterleiarens arbeidsoppgåver

- Kva er arbeidsoppgåvene til senterleiaren?

- Eg har varierte arbeidsoppgåver. Som nemnd jobbar me med budsjett for neste år, og marknadsplanen skal leggjast. Eg plantar blomar i fontena, og følgjer opp butikkane. Eg jobbar mykje i kulissane, kan du seia.

Sist veke var det nattope, denne veka er juleopning torsdag og Black Friday. Det går slag i slag på AMFI Os fram mot jul.

- Eg gler meg til me har betre tid til dei gode diskusjonane, til å lytta til kvarandre, og jobbe tettare saman, seier Lygre.

Ho har som sagt ikkje mål om å revolusjonera senteret, og det er litt for tidleg i prosessen til å seia så mykje om hennar tankar vidare.

- Men det eg kan seia er at det er viktig for oss å støtta lokale lag, små som store, seier Lygre.

- Er det noko AMFI Os plar gjera?

- Ja, det er det. Me ønskjer å vera ei møteplass, og hjarta i lokalsamfunnet, smiler ho.