Carl-Otto Curran (16) er glad i å fiska laks om sommaren. I år tok han ny pers, ved hjelp av Per Holmstads heimesnikra Brann-wobbler.
Carl-Otto Curran (16) er glad i å fiska laks om sommaren. I år tok han ny pers, ved hjelp av Per Holmstads heimesnikra Brann-wobbler. Foto: Per Holmstad

- Eg går for førsteplass

Carl-Otto Curran (16) kan bli årets juniorfiskar for andre året på rad.

Det nærmar seg slutten av året, og slutten av årets Alt om Fiske-cupen 2015. Curran ligger på andreplass i juniorklassen, 29 poeng bak Sigurd Davidsen.

- Eg vann juniorklassen i fjor. Då hadde eg nesten lik poengsum som eg har så langt i år, seier Curran, vel vitande om at han må hausta fleire poeng dei neste vekene for å kapra førsteplassen.

- Eg trur ikkje nokon juksar

I Alt om Fiske-cupen, fisker ein etter både ferskvatn- og saltvatnsartar. I alle fall i juniorklassen. For kvar art blir det ei ti på topp-liste, der den som har fiska den største fisken innan arten får flest poeng. 1. plass får ti poeng, 2. plassen får ni poeng osv. Fiskarane dokumenterer fangsten sin sjølv, og må senda inn bilete av fisken, samt vekt og lengde.

- I teorien kan ein altså juksa, og "feita opp" fisken ved å seia at han veg meir enn han eigentleg gjer?

- Ja, men når me sender inn bilete som viser lengden på fisken, så får dei ein viss indikasjon på vekta. Ein skal også ha eit vitne til stades som kan stadfesta opplysningane. Eg trur uansett ikkje at nokon juksar, seier han.

Fiskar mykje i ferien

Osingen konkurrerer med juniorar frå heile Noreg. Han fortel at det er mange som er med i konkurransen, utan at han har det eksakte talet.

- Alt om Fiske-bladet har over 95.000 lesarar. Dette er ein populær konkurranse, sjølv om det nok varierer kor seriøst fiskarane tar det, seier Curran.

Sjølv har han ikkje vore særskilt oppteken av resultatet, men no som han er så nære 1. plassen, kjem han til å stå litt ekstra på for å vippa Davidsen ned frå toppen.

- I ferien fiskar eg mykje. Utanom det vert det ein eller to turar i veka. Det vert nok litt meir i tida som kjem, ja. Eg går for førsteplass, seier han.

52 ulike artar på eitt år

Juniorfiskaren er ein travel gut. Han går på TAF på Fusa vidaregåande skule. På fritida har han sjonglert med tre hobbyer; fisking, fotball og bridge. Sistnemnde er det blitt litt mindre tid til den siste tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er fire fotballtreningar i veka, og eg fiskar i tillegg, så eg spelar ikkje så mykje bridge lenger, seier han.

Dette året har også vore litt spesielt. Curran har begynt med artsfiske, og kan visa til imponerande 52 arter i løpet av året som er gått.

- Eg er litt usikker på kor mange artar som finst, men det er over 300, seier han.

Paddetorsk og hornkvabbe

Det er med andre ord eit stykke til han er i mål med alle artane.

- Har du nokre favorittar?

- Eg er veldig glad i å fiska laks, seier han.

- Har du nokre andre favoritter, nokre litt meir uvanlege?

- Paddetorsk og hornkvabbe er stilige. Rognkjeks også. Men det kjekkaste er som sagt å fiska laks om sommaren, smiler han.