Roleg helg: Politiet har hatt få oppdrag relatert til fest og støy i helga. Foto: Illustrasjon

Éi melding om «hyling og skriking»: – Det har vore ei roleg 17. mai-helg

Melder hevda at det var full fest og altfor mykje folk i ei bustad på Halhjem natt til 16. mai.

– Politiet rykte ut til ordensforstyrring. Meldinga gjekk på hyling og skriking. Det var ein nabo som melde frå, og sa at det var full fest og altfor mykje folk, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Vidare fortel Lyssand at politiet reiste ut til adressa.

– Politiet hadde ikkje noko problem med å løysa opp festen. Det står ikkje noko i loggen om at det var for mange menneske på staden, men festen blei avslutta. Politiet var på staden litt over halv eitt. Politiet var i området i 03-tida også. Då var det roleg på staden.