Hendingar siste døger: Ifølgje politiloggen har det vore ganske få hendingar å melda frå om i Os det siste døgeret.

Éi muntleg åtvaring etter kontroll av båttrafikken

Laurdag kveld kontrollerte politibåten båttrafikken i området Osøyro, Øyane, Hagavik og Vedholmen.

Kontrollen enda med ei muntleg åtvaring, skriv Bjørnafjorden og Austevoll lensmannsdistrikt i ein e-post til avisa.

Vidare vert det opplyst om at det har vore ganske få hendingar å melda frå om det siste døgeret:

Artikkelen held fram under annonsen.

• Laurdag klokka 11 vart det meldt om at ein mann mogelegvis dreiv ulovleg jakt ved Gåsakilen.

Les også
– Ulovleg jakt i Gåsakilen

• Natt til søndag, klokka 00.30, fekk politiet melding om fest/bråk frå ei adresse på Haugland.

– Det var roleg på staden då politiet kom. Festen vart avslutta, skriv politiet.

• Søndag morgon, klokka 04.30, vart ei kvinne i 20-åra stogga av politiet, mistenkt for å ha køyrt bil i påverka tilstand heim frå ein fest på Halhjem.

– Førarkortet er mellombels inndrege, og kvinna vert meldt for forholdet.

Les også
Kvinne i 20-åra mistenkt for promillekøyring