Stille i senteret: Det blir ei stille veke i AMFI Os og Fjord`n senter då ei rekkje butikkar må stengja ned.

Ei rekkje butikkar blir stengde frå måndag

Bjørnafjorden kommune innfører denne veka dei strengaste tiltaka me har hatt i kampen mot koronasmitte.

— Dette er dei mest omfattande smitteverntiltaka me har hatt her i kommunen. Grunnen er den uoversiktlege situasjonen i Bergen med det muterte koronaviruset og i andre nabokommunar, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

Han stadfestar at me no i ei veke framover vil følgja kapittel 5b i covid-19-forskriftene. Eit kapittel som tilseier store nedstengingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

— I hovudsak vil det seia at alle butikkar som ikkje sel naudsynte produkt, må stengja ned. Til dømes vil dette altså gjelda klesbutikkar, pyntegjenstand-butikkar og leikebutikkar, seier Nordvik Dale.

Dei nye smitteverntiltaka vil gjelda i ei veke framover - til søndag 14. februar.

Stengjer ned: Svært mange kjem til å sakna treningssentra i veka som kjem.

Treningssentera må stengja

Serveringsstadane vil framleis kunna ha ope, men frå og med klokka 18.00 i kveld (søndag) blir det skjenkjestopp i ei veke framover.

— Treningssenter må også stengja ned i komande veke?

— Ja, det stemmer, svarer Nordvik Dale.

Nedst i denne saka har Os & Fusaposten lagt ved lista over butikkar og verksemder som må stengja, eller kan halda ope.

Amfi Os er budde

Senterleiar ved AMFI Os, Siri Ann Dalseide, var på fjellet då lokalavisa ringde henne søndag. Ho hadde framleis ikkje fått melding om dei drastiske endringane for butikkane på senteret.

— Eg har ikkje høyrd noko enno, men me er førebudde på at ein slik situasjon kan oppstå. Andre senter i vår senter-kjede har vore gjennom slike strenge tiltak, så me har klare prosedyrar for korleis me skal handtera det, seier Dalseide.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein viss diskusjon vil det truleg bli når ein ser på kva som vert rekna for absolutt naudsynt å ha ope. Treningssentra må altså stengja ned, medan vinmonopolet er blant plassane som får lov til å ha ope.

God effekt i Nordre Follo

Assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale seier at det viktigaste i komande veke blir å få ned talet på folk som er ute og fartar. Han viser til at desse tiltaka som no blir sett i verk, verkeleg gjer nytta.

— Då dei fekk det muterte smitteutbrotet i Nordre Follo, sette dei i verk veldig strenge tiltak. No, nokre veker etter, ser ein tydeleg at ein har klart å få ned smittespreiinga. Me her i Bjørnafjorden kommune er så nær innpå Bergen, Samnanger og Kvam, som alle har hatt denne forma for smitte, at det er heilt klart fornuftig at me skjerpar tiltaka for ei stund no, så me hindrar smitte, seier Nordvik Dale.

§ 17a.Stenging av virksomheter

Følgende virksomheter og steder skal holde stengt:

a.Butikker og andre virksomheter i kjøpesentre, med unntak av følgende:

1.matbutikker, inkludert kiosker, helsekost og andre som i hovedsak selger matvarer

2.utsalgssteder som i hovedsak selger dyrefôr og andre nødvendighetsartikler for kjæledyr og husdyr

3.apotek

Artikkelen held fram under annonsen.

4.bandasjister

5.optikere

6.serveringssteder

7.vinmonopol

8.virksomheter som tilbyr frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingstjenester mv., jf. § 15

9.helsefaglige virksomheter etter § 16

10.bensinstasjoner

11.salgsvirksomhet til landbruk og dyreproduksjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

b.lager- og grossistdelen i byggevareforretninger som selger til håndverksvirksomhet og lignende.

c.Varehus, med unntak av arealer med vare- og tjenestetilbud som nevnt i bokstav b.

d.Treningssentre.

e.Svømmehaller, badeland, spaanlegg, hotellbasseng og lignende, likevel slik at følgende tilbud kan holde åpent:

1.Skolesvømming for de under 20 år, svømmekurs og svømmetrening for barn i barneskole eller yngre og svømming for profesjonelle utøvere.

1.Rehabilitering og opptrening som tilbys individuelt eller i mindre grupper med arrangør.

2.Annen individuell behandling som det kan bestilles time til og hvor bad er en del av behandlingen.

f.Fornøyelsesparker, bingohaller, spillehaller, lekeland, bowlinghaller og tilsvarende steder der det pågår underholdnings- og fritidsaktiviteter.

Artikkelen held fram under annonsen.

g.Museer.

h.Kino, teater, konsertsteder og tilsvarende kultur- og underholdningssteder.

i.Andre offentlige steder og virksomheter der det foregår kultur-, underholdnings- eller fritidsaktiviteter som samler mennesker innendørs.

Butikker og varehus kan holde åpent for avhenting av forhåndsbetalte bestilte varer når det er etablert smittevernfaglig forsvarlige løsninger for utlevering av varene.

Offentlige steder og virksomheter der det foregår organiserte kultur-, idretts- og fritidsaktiviteter for barn og unge under 20 år kan holde åpent, likevel slik at det ikke skal pågå fritidsaktiviteter for andre på slike steder.