Fylkesvegen som går gjennom Hegglandsdalen er smal og utan fortau eller sykkelsti. Nokre stader er det heller ikkje gateljos, noko som skaper farlege situasjonar for mjuke trafikantar.
Fylkesvegen som går gjennom Hegglandsdalen er smal og utan fortau eller sykkelsti. Nokre stader er det heller ikkje gateljos, noko som skaper farlege situasjonar for mjuke trafikantar.

Ei smal og farleg vegstrekkje

Fylkesvegen gjennom Hegglandsdalen har store strekk utan veglys, fotgjengarfelt eller sykkelsti. Det gjer vegen ekstra farleg no i mørketida.

Hegglandsdalsvegen er både smal og dårleg opplyst mange stader, og mange farlege situasjonar kan oppstå når fotgjengarar må nytta vegen på grunn av manglande fortau.

- Ved brua kan ikkje to bilar passera kvarandre, og på vegen er det problem med tungtrafikk og møtande bilar. Fotgjengarar og syklistar vert utsette for stor fare, spesielt no i mørketida, seier Øivind Holm, som har sendt oss fleire bilete og bede oss skriva om saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange skuleborn nyttar denne vegen til og frå skulen, og Holm spør seg om det må ei ulukke til før noko blir gjort for å utbetra vegen.

- Det flyttar stadig fleire familiar inn i nye bustader i Hegglandsdalen og i nærliggjande område, men ingenting vert gjort for å utbetra dei smale, farlege vegpartia, seier Holm.