Takk: Brannmannskapet har vore på Søfteland skule og takka Emma for innsatsen.

Ei Snapchat-melding fekk Emma til å reagera raskt. No har ho fått premie frå brannvesenet

Ei Snapchat-melding fekk Emma til å reagera.

- Eg fekk ei melding på Snapchat frå nokre forbipasserande som hadde sett brannen. Eg tok med meg ei flaske med vatn, fann brannen og fekk sløkt han, sier Emma på Facebook-sidene til Bjørnafjorden brann og redning.

Brannvesenet fortel at dei søndag 24. mai fekk melding om brann på Søfteland skule i eit bosspann tett inntil skulens trevegg. Ein trebenk var plassert inntil treveggen saman med bosspannet som blei påtent.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette kunne fått store konsekvensar dersom brannen hadde spreidd seg til skulebygningen, konstaterer brannvesenet.

Nokre dagar etter tok dei turen til Søfteland skule for å møta Emma.

– Vi tok med oss ein premie for å takka ho for rask handling og godt arbeid. Vi håper at handlinga til denne unge jenta er til inspirasjon for fleire.

Les også
Brann i søppelkasse ved Søfteland skule: – Tre ungdomar stakk frå staden