Henrik Eidsvik og varaordførar Laila Reiertsen fekk æra av å opna den nye Circle K-stasjonen onsdag.
Henrik Eidsvik og varaordførar Laila Reiertsen fekk æra av å opna den nye Circle K-stasjonen onsdag.

Eidsvik & Co fekk sitt fjerde namn

Sidan 1957 har familien Eidsvik drive bensinstasjon i Os. Onsdag skifta stasjonen namn til Circle K.

Namneendringa har vore bestemt i lang tid, men onsdag vart det offisielt. Statoil-stasjonen i Os tilhøyrer no fordums tid. Det nye namnet er Circle K.

- Reint praktisk har det ikkje så mykje å seia, men me synest det er kjekt å fornya oss litt med nye fargar, ny logo og emblem, seier dagleg leiar Nils Øyvind Eidsvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så lenge han har styrt "butikken" har det vore under namnet Statoil, men frå gamalt av har bensinstasjonen nedanfor Laksavegen også bore namnet BP og Norol.

Til gjengjeld har namnet på familieføretaket heile vegen vore Osøyro Autosenter AS.

Naturleg skifte

Den offisielle opninga av Circle K-stasjonen vart gjort av bensinstasjonens "sjuande far i huset" og mannen som vart første stasjonsmeister då stasjonen opna i 1957, Henrik Eidsvik.

Siv Eidsvik lagar til heidersbordet til pappa Henrik før opninga.
Siv Eidsvik lagar til heidersbordet til pappa Henrik før opninga.
Ei utgåve av Osbilane var sjølvsagt på plass i høve dagen. Som kjent var det Osbilane og Fana, Os, Milde, som starta bensinstasjonen nedanfor Laksavegen i Os.
Ei utgåve av Osbilane var sjølvsagt på plass i høve dagen. Som kjent var det Osbilane og Fana, Os, Milde, som starta bensinstasjonen nedanfor Laksavegen i Os.
Borna i Borgafjell barnehage stilte opp med flott song og vart løna med is og pølse.
Borna i Borgafjell barnehage stilte opp med flott song og vart løna med is og pølse.

88-åringen er "still going strong" og er framleis i full jobb på stasjonen.

Onsdag fekk han æra av å klippa snora i lag med varaordførar Laila Reiertsen.

Som Os og Fusaposten tidlegare har skrive, kjem namneskiftet som eit naturleg resultat av at Statoils bensinstasjon-kjede vart seld til Couche-Tard i 2011.

Første vikarjobb

For Laila Reiertsen var det hennar første oppdrag som varaordførar.

- Spesiell dag for stasjonen her, og litt spesiell for meg, sa Reiertsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I gratulasjonstalen takka ho familien Eidsvik for den innsatsen dei har gjort for å halda bensinstasjonen i live gjennom så mange år.

- Kjært barn har mange namn. Denne bensinstasjonen har no hatt fire, sa Reiertsen til latter frå dei frammøtte.

Deretter heidra ho veteranen Henrik Eidsvik med blomar og mange godord, før dei til fanfare frå Henriks barnebarn, Stine, opna den nye stasjonen med å klippa den raude snora.

Etterpå stemte 25 småtassar frå Borgafjell i med «Huskesongen», før dei fekk løn for innsatsen i form av pølse og is.

Passande 60-års-feiring

At veteran Henrik på same dag kunne markera 60 år ved stasjonen, gjorde ikkje happeningen mindre kjekk.

Namneskiftet og den store årsdagen vart feira med både ballongar, kaffi og kake, og seinare på dagen stilte Os Swingklubb med danseshow i samband med den store dagen.