Illustrasjonsfoto Foto: Benjamin Søgnen Olsen

Ein 18 år gamal mann og ei kvinne i 60-åra har fått påvist covid-19

To nye tilfelle 2. april.

— Ein 18 år gamal mann, og ei kvinne i slutten av 60-åra fekk positiv covid-19 test i går. Det første tilfelle er importsmitte frå utlandet, og mannen hadde negativ test 24 timar før avreise. Kvinna som er smitta bur i same husstand som smittetilfelle i går 31. mars. Alle nærkontaktar er varsla og sett i karantene, skriv Bjørnafjorden kommune på heimesida si.

Les også
Mann i 70-åra har fått påvist covid-19: Smittevegen er ukjend