Ein tredjedel av bilistane svinga til venstre i Os & Fusaposten sin stikkprøve ved Lunehjørnet onsdag.
Ein tredjedel av bilistane svinga til venstre i Os & Fusaposten sin stikkprøve ved Lunehjørnet onsdag.

Ein av tre bryt lova

Ein av tre svingar til venstre i krysset ved Lundehjørnet, der det er påbod om å køyra til høgre.

- Det er litt for dumt at så mange svingar til venstre. Det er inga unnskyldning for å ikkje følgja skiltinga, seier lensmann i Os, Oddbjørn Dyrdal.

18 av 54

Os & Fusaposten tok onsdag føremiddag ein stikkprøve i krysset. I løpet ein time med observasjon, tok 18 av 54 bilar til venstre i krysset ved Lundehjørnet, på veg ut frå sentrum. Fire av dei som svinga til høgre blinka først til venstre før dei gjorde heilomvending og køyrde til høgre. I tillegg vart ein bil tatt på fersken i å køyra over bussplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er veldig mange. Dei som svingar til venstre lagar farlege situasjonar. Ikkje berre for seg sjølve, men også for andre. Det er eit fotgjengarfelt der også, seier, Dyrdal.

Bryr seg ikkje

Politiet har tidlegare hatt kontroll i krysset, men då nøydde dei seg med munnleg åtvaring, altså førebyggjande arbeid. Om bilistane held fram med å ignorere skilta i sentrum, må det kanskje gjerast ekstra tiltak for å få bukt med problemet.

- Det er unødvendig at vi må bruka ressursar på dette. Det skal vera ei enkel sak å følgja skilta, fortel Dyrdal.

Lovbrytarane kjem på rekkje og rad. Her svingar to bilistar til venstre og bryt påbodsskiltet.
Lovbrytarane kjem på rekkje og rad. Her svingar to bilistar til venstre og bryt påbodsskiltet.

- Trur du bilistane veit om at det ulovleg å svinga til venstre?

- Ja. Det har gått ei stund sidan skilta blei satt opp, og det har vore litt oppstyr kring denne saka i media. Eg trur eigentleg at dei ikkje bryr seg, seier lensmannen.

Prioriteringar

- Kvifor kontrollerer de ikkje krysset oftare?

- Det handlar om prioriteringar. Vi har mykje anna å bruka ressursane på. Sist vi stod der var det fleire som spurde om vi ikkje hadde betre ting å ta oss til. Men om problemet held fram, så må vi tre inn. Det er synd om vi må gje bøter for at bilistane skal følgja lova, seier Dyrdal.