Mattias Herland prøvde seg som bussjåfør på bussimulator-spelet til Tide. Han var så konsentrert at han ikkje kunne sjå bort frå skjermen.
Mattias Herland prøvde seg som bussjåfør på bussimulator-spelet til Tide. Han var så konsentrert at han ikkje kunne sjå bort frå skjermen.

Ein framtidig bussjåfør?

Mattis Herland testa bussimulator-spelet til Tide på utdanningsmessa og fekk toppscore.

- Tyder dette at eg er best så langt i dag, spør Herland instruktør Raymond Våge.

- Ja, det gjer det, seier Våge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Herland går på Os vidaregåande skule på Transport og logistikk. Han har erfaring med truck-køyring, men han har aldri køyrd noko med tilnærma storleik som ein buss.

- Var det kjekt?

- Det var heilt greitt. Det var lett å køyra, seier Herland.

Det løner seg å konsentrera seg. Instruktør i Tide, Raymond Våge, konstaterte at Herland var dagens beste elev så langt.
Det løner seg å konsentrera seg. Instruktør i Tide, Raymond Våge, konstaterte at Herland var dagens beste elev så langt.

Tek det litt som det kjem

Bussimulator-spelet som blei brukt, er mogleg å kjøpa i butikkar for dei som ønskjer å prøva seg som bussjåfør.

- Ein skal køyra ei rute, og halda alle trafikkreglane og plukka opp passasjerar. Ein skal rett og slett vera bussjåfør. Det er nok ikkje heilt som å køyra ein ekte buss, men det skal gje eit innblikk i korleis det er. Ein må ta omsyn til bussens storleik, sjølv om ein ikkje sit i ein ekte buss, seier Våge.

- Kan du tenkja deg å bli bussjåfør no, Herland?

- Det er ikkje utenkjeleg. Eg har ikkje tenkt så mykje over kva eg skal gjera. Eg tek det litt som det kjem, seier Herland.

Tillaup til diskotek

Det var stor variasjon blant dei over 50 utstillarane på utdanningsmessa på Nore Neset, der skular i Os, Fusa og nabokommunar, var sterkt representerte. I ein krok såg det ut til å vera tillaup til diskotek, med blinkande ljos, men det var berre barne- og ungdomsarbeidarlærling, Malene Ullensvang Hjelle, som viste fram litt av aktivitetane dei har med borna.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi er kreative saman med borna, seier Ullensvang Hjelle, før ho får med seg forbipasserande helsefagarbeidar-lærling, Mariell Hagevik, på spelet Twister.

- Kva gjer de her i dag?

- Vi viser fram korleis vi jobbar, slik at andre kan sjå kva som ventar dei om dei vel som oss, seier Ullensvang Hjelle.

Stor aktivitet

Mange lokale verksemder var også tilstades. Blant andre Byggmester Kjell Aarvik, som viste fram ein modell av eit Moment-hus og Glassmester Helge Austevoll som hadde ein stand kor dei lét elevane få prøva å skjera glass.

For dei som er nysgjerrige på å studera eit år utanlands, var nok Explorius ein interessant stand.

- Det var stor aktivitet her då dei yngre elevane var her. Det er gjerne lurt å starta planlegginga av utanlandsstudium alt når ein er i ungdomsskulealder om ein har lyst til å reisa, fortel Sonja Auestad.

- Er det mange som vel å ta eit år som utvekslingsstudent?

- Vi er berre ein av fleire verksemder som tilbyr dette. Eg har ikkje tala føre meg no, men det ser ut til å vera ein aukande trend. Då eg gjekk på skulen, var det språkskule som var den store tingen. Det gjorde eg aldri, og eg har alltid angra på det. No er det utvekslingsstudent som er tingen. Dottera mi har gjort begge delar, seier Auestad og smiler.