Deilig bursdagskake fra Hagavik hjemmebakeri
Deilig bursdagskake fra Hagavik hjemmebakeri

Ein kjær tradisjon

Luciafrokosten i Søre Øyane barnehage er blitt ein kjær tradisjon i Øyane, og i år markerte dei også 15-årsdagen til barnehagen.

Nærare 200 gjester deltok i feiringa tidlig onsdag morgen. Allereie før kl 07.00 hadde mange teke turen til barnehagen. I tillegg til foreldre og besteforeldre, var også tidlegare tilsette, sanitetsforeininga, idrettslaget, representanter frå kommunen, og særlege vener av barnehagen inviterte.

- Vi feira med god mat, flott Lucia-tog og sjølvsagt bursdagskake, som seg hør og bør, fortel dagleg leiar Kjersti Ellingsen og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ei stor overrasking for oss var å få ei gåve på kr 50.000 frå Inka A/S. Dei skal vi bruka til mellom anna å fornya sykkelparken vår

Då gjestene var gått, kom Lille Ballong og hadde kjekke aktivitetar med barna. Ballongdyr og glittertatoveringer var - ikkje heilt uventa - svært populært.

jostein@osogfusa.no

Håkon (2 år) tek koldtbordet nærare i augesyn.
Håkon (2 år) tek koldtbordet nærare i augesyn.
Deilig bursdagskake fra Hagavik hjemmebakeri.
Deilig bursdagskake fra Hagavik hjemmebakeri.