Laserkontroll: Her stod politiet søndag. Biletet er ikkje frå den aktuelle kontrollen.

Éin mista lappen søndag. Fleire sjåførar bidrog til statskassen

Søndag ettermiddag hadde politiet laserkontroll her.

Politiet stod ved Os Lakk og Karosseri søndag ettermiddag i tidsrommet 13.20-15, opplyser dei i ein e-post.

På Lepsøyvegen hadde dei stilt seg opp for å gjennomføra ein laserkontroll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er 50 km/t som er fartsgrensa på staden. Det var fleire som ikkje held seg til denne.

— Utfallet blei sju reaksjonar, der den strengaste var eit førarkortbeslag. Sjåføren køyrde i 77 km/t.

Det opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Om ein blir teken medan ein køyrer mellom 76 og 82 kilometer i timen i ein 50-sone, må ein vera utan førarkortet i tre til seks månader.

Vektar fann narkotika

Natt til søndag i 02-tida blei ein mann i 40-åra bortvist frå Os sentrum etter at han ikkje skal ha retta seg etter politiet sitt pålegg i samband med drikking på offentleg stad.

Éin time seinare fekk politiet overlevert ei mindre mengde narkotika frå ein vektar ved ein utestad i Os sentrum. Vakthavande opplyser at det er oppretta sak på forholdet.

Promillekontroll i sentrum

Laurdag morgon hadde politiet promillekontroll i Hamnevegen i Os sentrum. Der fann dei ikkje mange bilistar, sjølv om dei stod der i vel halvannan time.

— Det var lite trafikk. Tre kontrollerte, ingen reaksjonar, skriv vakthavande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kring midnatt fekk politiet melding om ordensforstyrring på ei privat adresse nord for Os sentrum. To menn skal ha vore involverte; ein i 20-åra og ein i 50-åra.

— Det var roleg då politiet kom til staden. Det hadde truleg vore ein fysisk konfrontasjon før politiet kom til staden. Ingen framstod skada, og ingen ønskte å melda motparten. Alle fekk pålegg av politiet om å halda seg roleg resten av natta, skriv vakthavande.