- Hittil har mykje av fokuset vore retta mot å skaffa akuttmottak/mottakskapasitet, men den verkeleg store utfordringa ligg i busetjing av dei som til slutt får opphald, seier Terje Søviknes.
- Hittil har mykje av fokuset vore retta mot å skaffa akuttmottak/mottakskapasitet, men den verkeleg store utfordringa ligg i busetjing av dei som til slutt får opphald, seier Terje Søviknes.

- Ein svært krevjande situasjon

- Eg kan ikkje sjå at vi har kapasitet til ein slik auke frå eit år til det neste, korkje i høve bemanning i flyktningtenesta, kapasiteten i resten av tenesteapparatet vårt eller i høve tilgjengelege bustader. Det seier ordførar Terje Søviknes.

Jostein Halland

jostein@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg ikkje skjul på at dette er ein svært krevjande situasjon for heile kommune-Norge.

- Hittil har mykje av fokuset vore retta mot å skaffa akuttmottak/mottakskapasitet, men den verkeleg store utfordringa ligg i busetjing av dei som til slutt får opphald. Dette har diverre drukna i den politiske debatten om krisa knytt til akuttmottaksplassar, seier Søviknes.

Bustader

Å skaffa bustader og oppbemanning av den kommunale flyktningetenesta er dei to største utfordringane innanfor 5-årsperioden med integreringstilskot, ifølgje Søviknes.

- I denne perioden vil kommunane stort sett få dekt sine kostnader gjennom integreringstilskotet. Den økonomiske utfordringa for kommunane kjem etter 5-årsperioden i høve sosialhjelpsutbetalingar til dei som ikkje er gjort økonomisk sjølvhjulpne gjennom integreringsprosessen, kommenterer Søviknes.

Kan gå ut over tenestetilbodet

Søviknes opplyser at ca 70% av dei flyktningane Os har tatt i mot per i dag har gått over i utdanning eller arbeid i løpet av integreringsfasen.

- Truleg må vi rekna med at denne delen vert lågare om vi skal ta i mot langt fleire personar enn dagens 15 flyktningar per år, legg ordføraren til.

Han peikar mellom anna på at arbeidsmarknadene er under sterkt pressa for tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette langsiktige perspektivet må kommunen ha med seg ved vurdering av kor mange flyktningar vi skal ta i mot i åra som kjem. Lukkast vi dårleg med integreringa vil dette på sikt påføra Os kommune kostnader som igjen vil kunne få konsekvensar for resten av tenestetilbodet som vi i dag gjev osingane.

Ekstremt høgt

Han meiner den siste anmodninga om å busetja 65 personar i Os i 2016 er "ekstremt høgt" i høve dagens busetjing av 15 personar i 2015.

- Eg kan ikkje sjå at vi har kapasitet til ein slik auke frå eit år til det neste, korkje i høve bemanning i flyktningetenesta, kapasiteten i resten av tenesteapparatet vårt eller i høve tilgjengelege bustader, seier Søviknes som forventar ein krevjande politisk debatt framover.

Formannskapet skal handsame saka på tysdag, og dei nye anmodningstala frå Fylkesmannen vil bli lagt fram der som ein del av avgjerdsgrunnlaget. Saka skal endeleg handsamast i kommunestyret 15.desember.