Vil bli testa: - Alle som har hatt nærkontakt med den smitta er varsla, og vil bli testa, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

Ein tilsett ved Lurane har fått påvist covid-19. 23 i karantene

Ein tilsett ved Luranetunet bu- og behandlingssenter har fått påvist covid-19.

Som følgje av dette er 16 bebuarar og sju tilsette i karantene, opplyser kommunen.

- Alle som har hatt nærkontakt med den smitta er varsla, og vil bli testa, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Luranetunet fekk testa rutinane sine: — Dette var ei øving på korleis det kan bli

Ingen mistanke om smitte til andre avdelingar

- Det er ingen mistanke om smitte til andre avdelingar. Vi har gode smittevernrutinar på Luranetunet, og besøksrutinane til resten av Luranetunet vil vera uendra, opplyser Nordvik Dale på kommunen sine heimesider.

Ingen av dei som er i karantene har symptom på covid-19. Alle vil bli testa i løpet av dagen.

– Dette er ein alvorleg beskjed å få, men vi har gode rutinar og flinke tilsette som står på i ein krevjande situasjon, uttalar einingsleiar ved Luranetunet, Åslaug Brænde, på heimesidene til kommunen.

Den tilsette er busett i Bjørnafjorden kommune.

Pårørande og tilsette har fått beskjed. Bebuarane og dei tilsette må no vera i karantene perioden ut, sjølv etter negativ test.

Avdelingsleiaren har ringt og informert pårørande til bebuarane som no er i karantene og dei øvrige tilsette ved den aktuelle avdelinga, opplyser kommunen.

Dei tilsette ved andre avdelingar på Luranetunet har fått informasjon på SMS og e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ein tilsett ved Luranetunet har fått påvist covid-19