Landskapsarkitekt og prosjektleiar Eva Korsøen og Stine Unneland frå planavdelinga i Os kommune i full sving med måling måndag ettermiddag. I bakgrunnen er plansjef Tina Sinclair og kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås.
Landskapsarkitekt og prosjektleiar Eva Korsøen og Stine Unneland frå planavdelinga i Os kommune i full sving med måling måndag ettermiddag. I bakgrunnen er plansjef Tina Sinclair og kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås.

Ein ungdomspark er i ferd med å poppa opp

Os kommune ønskjer å få ungdomen i Os i tale. Det gjer dei ved å etablera ein mellombels Pop Up Ungdomspark.

Korleis brukar ungdomen i Os sentrumsområdet, og kva kan Os kommune gjera for at Os sentrum skal verta meir attraktivt for ungdom?

Det vil Os kommune ha svar på. Difor inviterer kommunen ungdom frå Os og Fusa med i by- og bygdeutviklingsdebatten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På debattane om by- og bygdeutviklinga, stiller pensjonistane, men vi ser ikkje ungdom der. Pensjonistane kan bidra med historikk og det som har vore, men vi treng også innspel frå ungdom om kva dei ønskjer og ser føre seg, seier plansjef i Os kommune, Tina Sinclair.

Osing har designa kunstverket

Måndag starta arbeidet med å laga ein mellombels ungdomspark på fire parkeringsplassar nord for Esso-stasjonen. Osingen Annika Svendal Os (19) har bidrege med designen.

– Det skal vera ein fin plass som ikkje for openbart berre er for ungdom. Me ville til dømes ikkje måla eit skateboard eller laga ein skatepark, for då hadde vi berre treft ei gruppe. Sidan parken er for alle unge, er det fint å ha noko flott å sjå på, seier Svendal Os om designen. Planen var at det i løpet av dei neste dagane skulle etablerast ein frodig kirsebærhage med benkar.

Ungdomsparken er mellombels, men alt neste sommar er planen at ein skal kunna ferdigstilla ein permanent ungdomspark i hamna i Os.
Ungdomsparken er mellombels, men alt neste sommar er planen at ein skal kunna ferdigstilla ein permanent ungdomspark i hamna i Os.

– Benkar blir det, men kirsebærhagen uteblir i denne omgang. Det er visst ikkje sesong for det, så vi ventar med kirsebær til neste år. Det blir sommarblomar i staden, seier Sinclair og legg til:

– Målet er å skapa liv, aktivitet og møtestader for ungdom ved hamna i sentrum. Her skal det vera fint å treffast og opphalda seg. Dette er eit av dei flottaste områda i sentrum, seier Sinclair.

Har leigd inn landskapsarkitekt

Førstkomande fredag vert ungdomsparken offisielt opna av ordførar Marie Lunde Bruarøy.

– Parken vert ståande til over sommaren. Vona er at både ungdom og andre skal bruka han som ein møtestad og som inspirasjon til korleis vi kan gjera Osøyro til ein innbydande «hovudstad» for Bjørnafjorden kommune.

Prosjektleiar er landskapsarkitekt Eva Korsøen, som jobbar for Kvalbein Korsøen Arkitektur. Korsøen er leigd inn av kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Open for alle

I løpet av hausten og vinteren blir ungdom frå dei vidaregåande skulane i Os og Fusa inviterte til å ta del i ei arbeidsgruppe der målet er å formgje og byggja den endelege parken i hamna fram mot neste sommar.

Sjølv om parken har fått namnet ungdomsparken, vil det ikkje seia at born og vaksne ikkje kan bruka han.

– Parken er sjølvsagt for alle, men særleg for ungdomane, seier Sinclair.