Kommunale stemorsblomar held stand mot vinterens truleg siste snøfall.
Kommunale stemorsblomar held stand mot vinterens truleg siste snøfall.

Eit siste sprell frå kong vinter

Snøvêret denne veka blir truleg det siste me ser til vinteren for denne gong.

Etter eit snøfall i går ettermiddag, var snøvêret gått over til regn onsdag morgon. Både i Os og Fusa hadde dei stigande temperaturane gjort sitt til at vegane var berre. Ifølgje vêrmeldinga ser vinteren ut til å nærma seg endestasjonen. Men også natt til torsdag kan det koma nokre centimeter snø.

Varslar 10 plussgrader

Etter torsdag er det ikkje meldt meir nedbør så langt fram langtidsvarselet kan sjå. Nokre minusgrader kan det framleis bli om nettene, men på dagtid varslar yr.no 8 varmegrader alt på søndag og 10 varmegrader frå tysdag 10. april. På slutten av neste veke varslar storm.no at det er slutt på kuldegradene om natta.

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no